Gå til hovedinnhold

Fiskeri + seismikk = trøbbel?


fiskebåt på havet og portrett av kvinne i kjeledress

Havforskar Lise D. Sivle vil spurja fiskarane om kva erfaringar dei har gjort seg med seismiske undersøkingar. 

Fotograf: Paolo Cipriani/Runar B. Mæland/HI

Det skal forskarane spørja fiskarane om. 

Seismikk-undersøkingar brukar luftkanonar for å undersøka førekomstar av olje og gass under havbotnen. Det skapar ei kraftig lydbølgje, som kan trenge langt ned i grunnen under havbotnen. 

Med å tolka ekkoet til denne kraftige lyden, kan geologane finne ut kor det er olje og gass. 

Men forsking har vist at både fisk og kval kan bli forstyrra av lyden frå slike seismikk-undersøkingar.  

Difor har Havforskingsinstituttet (HI) i ei årrekke gitt råd om kor og når ein kan gjere slike undersøkingar. 

No vil dei også sjå det frå fiskarane sitt perspektiv. 

Seismikkskyting kan hindra fiskeria  

– Vi veit at arealkonflikt kan oppstå mellom fiskeri og seismikk. Seismikkskipet legg beslag på store område, fordi dei har stort slep og stor svingradius. Dermed hindrar dei i praksis fiskarane samstundes, seier havforskar Lise Doksæter Sivle. 

– Det kan også vera eit problem for fiskeria at støyen frå seismikk får fisk til å endre åtferd, og med det blir den vanskelegare å fanga. 

Eit forsøk i 2009 viste at kveitefangsten på garn gjekk opp, men ned på line – når ein prøvde fiska samtidig med ei seismikkundersøking. 

– Kveita reagerte mest sannsynleg på seismikken med å bli meir aktiv. Det auka oddsen for at ho gjekk i garnet. Samtidig var ho mindre interessert i å eta, og dermed blei sjansen for at ho beit på agn på lina mindre. 

Når det gjeld pelagisk fisk, så har fiskarar uttrykt bekymring for at stimane kan løysa seg opp og stikka av frå bråket. Fiskarar har også rapportert om redusert fangst i blåkveitefiskeriet langs Eggakanten i samband med seismiske undersøkingar i same område.  

 Veit for lite om omfang av problemet i dag 

– Nokre slike tap har blitt dokumentert og det har blitt utbetalt erstatningar. Men det er gjort lite systematisk arbeid på kor store problema faktisk er, og kva fiskeri som vert mest påverka, fortel havforskaren. 

Det er dette forskarane no skal jobba med. 

– I dette prosjektet byrjar vi med å samle inn informasjon frå ei rekke ulike kjelder. Mellom anna skal vi gå igjennom rapportar frå dei fiskerikyndige om bord på seismikkfartøya og innsendte søknadar om tapt inntekt frå fiskeria, sier Sivle. 

– Målet er å finna ut i kva slags område det har blitt rapportert inn interessekonfliktar, med kva for slags type fiskeri og reiskap. 

Vidare vil havforskarane gjennomføre ei spørjeundersøking med fiskarar frå heile kysten, for å henta inn erfaringane dei har gjort seg med å fiska i område med seismikk. 

– I tillegg til spørjeundersøkinga, som går ut til svært mange fiskarar, vil vi også dybdeintervjue fiskarar som driv fiskeri i områda der det er mest problematisk.  

Skal føreslå løysingar og tiltak 

Forskingsprosjektet skal ikkje berre konkludera med betre innsikt i problemet – målet er også å finna moglege løysingar. 

– Vi håpar vi kan finne fram til gode tiltak for å betre situasjonen, når vi etter kvart får betre oversikt over kor problema er størst. Slike tiltak kan handla om betre samarbeid mellom næringane, strengare reglar eller innfasing av meir skånsom teknologi, forklarar HI-forskaren. 

– Desse løysingane skal vi ikkje finne aleine, men utvikla saman med begge næringane.