Gå til hovedinnhold

– God havforvalting betyr at vi må sjå heile biletet


en dame og to menn i stoler på scene som prater

Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø diskuterte god havforvalting saman med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under årets utgåve av One Ocean Summit. 

Fotograf: Christine Fagerbakke/HI

– Vi står i natur- og klimakriser, og det må vi ta inn i havforvaltinga. For sjølv om vi står overfor tunge dilemma, så er det mogleg å løyse dei, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. 

Korleis kan moglegheitene og utfordringane som FN løftar med sitt havtiår bli til faktisk handling? 

Det er det store spørsmålet når politikarar, forskarar, næringslivsaktørar og engasjerte ungdommar samlast i Håkonshallen i Bergen måndag føremiddag. 

I den første delen av programmet, med overskrifta One Ocean, delte statsminister Jonas Gahr Støre scena med havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø, FN-koordinator Alison Clausen, samt Ianira Vieira og Amber LeBlanc frå One Ocean sitt ungdomspanel. 

– Vi veit nok til å gjera noko no  

Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø meiner det er avgjerande med arenaer som havveka i havbyen Bergen. 

I forkant av panelsamtalen, trekker han fram verdien av god, kunnskapsbasert forvalting – på tvers av landegrenser – som den avgjerande nøkkelen til å sikre berekraft for dei viktige økosystema i havet. 

– Det er viktig at vi held fram med å sanka inn kunnskap og forska meir, for all del. Men på enkelte område veit vi faktisk nok om kva som skal til, for å også kunne setja inn konkrete tiltak, seier Kvamstø. 

For verda – og dei norske hav- og kystområda – er allereie i dag under stort press. Både frå vår menneskelege aktivitet, frå klimaendringar og tap av biodiversitet. 

tre bilder, ett av mann i dress, ett av skip og turbin, ett av havbunn
Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø meiner vi står i tunge dilemma når det gjeld berekraft. 
Fotograf: Fagerbakke/Mareano/Utne Palm/HI

– Det gjer at vi står overfor ganske tunge val. Eit døme er havvind. Her er det kunnskapshol om effektane på økosystem. Men det er gjort eit godt stykke arbeid likevel og vi kan også nytta erfaringane frå tiår med oljeindustri i same område. Så veit vi at vi treng grøn energi og at det er avgjerande for å bremsa global oppvarming. 

Kvamstø meiner at det også finst døme der vi faktisk veit for lite i dag. 

– På andre område så veit vi derimot for lite til at vi kan tilrå å setja i gang. Her kan djuphavgruvedrift vera eit eksempel. For nokre tiår sidan skulle vi helst bygga ned myra. Det blei gitt statlege initiativ for å få brukt myra til andre føremål. I dag har vi snudd, på grunn av ny kunnskap, og no ynskjer vi å verna den myra vi har att. I dag veit vi svært lite om livet i djuphavet i seg sjølv, og kva vi kan risikera om vi startar gruvedrift.