Gå til hovedinnhold

65 millionar oppdrettsfisk døydde i norske oppdrettsanlegg i fjor


Montasje med tre bilder. Mann i kjeledress på merd. Perlesnormanet i havet. En død laks.

Truleg døydde rundt 3 millionar fisk som fylgje av angrep frå perlesnormanet i 2023. 

Fotograf: Erling Svensen/Christine Fagerbakke/HI

Det er ein auke på 7 millionar frå året før. Truleg døydde rundt 3 millionar fisk som følge av angrep frå perlesnormanet, i tillegg vart mange slakta som avbøtande tiltak av omsyn til dyrevelferd.

– Når vi tek omsyn til dei ekstraordinære hendingane i fjor, er dødstala omtrent som i åra før. Det var altså ikkje uvanleg stor dødelegheit i fjor til tross for at heile 65 millionar oppdrettsfisk døydde, seier HI-forskar Lars Helge Stien.

Han vektlegg at dødelegheita i norske oppdrettsanlegg er altfor høg.

Dette kjem fram i årets utgåve av Havforskningsinstituttet (HI) sin risikorapport for norsk fiskeoppdrett. 

Har vurdert kva ekstraordinære hendingar har betydd

Som ein del av analysen, har forskarane gjort ei vurdering av om det var ei reell auke i dødelegheit i fjor. Her har dei tatt omsyn til at det var meir oppdrettsfisk i sjøen i fjor enn året før.

– Dersom vi berre tar omsyn til denne forskjellen mellom dei to åra, så har dødelegheita auka, seier Stien.

Det var to store ekstraordinære hendingar i fjor som påverka dødelegheita til oppdrettsanlegg som blei råka: angrep frå perlesnormanet langs nesten heile kysten og utbrot av pankreassjukdom (PD) i Nordland.

– Dersom vi ekskluderer fisk som blei råka av desse hendingane, er dødelegheita nokså lik dei føregåande åra, seier Stien.

mann i arbeidsklær med laks på brett foran seg
Angelico Madaro tek prøvar av oppdrettslaks etter eit manetåtak i anlegget på forskingsstasjonen til HI i Austevoll i november 2023. Foto: Christine Fagerbakke/HI 

Ekstraordinære hendingar har blitt vanlege

Slike større eller mindre ekstraordinære hendingar ser ut til å oppstå kvart år.

– Det er dessverre slik at hendingar med høg dødelegheit på enkeltanlegg skjer kvart år, og er ein del av risikobildet i norsk havbruk, seier Stien.

Avlusing både skadar og drep oppdrettsfisk

Som tidlegare år, var det også i fjor nødvendig å avluse oppdrettsfisk. Det vert gjort i eit forsøk på å redusere smitten av parasitten lakselus på villaks, sjøaure og røye. 

– Slik smitte er så farleg for vill laksefisk, at det er mengda lakselus på desse som avgjer vekst eller reduksjon i oppdrettsnæringa, seier Stien.

Oppdrettarane har ulike metodar dei kan bruke når dei skal avluse fisken. Kva metode som passar best, vil variere ut frå til dømes alder på fisken og lokale forhold på anlegget. Behandlinga kan mellom anna bestå av medikament gitt i fôr eller ulike former for termisk og mekanisk avlusing. 

– Under både termisk og mekanisk avlusing vert fisken trengt i merd, pumpa og sendt gjennom røyr og vassklier, i tillegg kjem sjølve behandlinga i varmt vatn eller ulike i former for spyling. Denne handteringa kan vere risikabel for fisken. Mange vert skada, ein del døyr rett etter behandling, andre vert meir utsett for infeksjonar og kan døy eller få redusert velferd på sikt, seier Stien.

Perlesnormaneta tok livet av millionar av fisk

 I fjor blei mange oppdrettsanlegg ramma av angrep frå perlesnormanet. Som følgje av det, døydde mange oppdrettsfisk.

Denne maneta består av ei rekke individ som heng saman – omtrent som eit perlekjede. Som brennmaneta er den utstyrt med nesleceller som svir eller brenn når dei kjem i kontakt med noko. 

– Oppdrettsfisk som vert hardt råka av perlesnormanet kan få store sår og redusert velferd. I verste fall utviklar såra seg slik at dei døyr, seier Stien.

På anlegg som vart angripne, blei det observert både akutte skadar og skadar som dukka opp over tid.

– På ein del fisk tar det lang tid før skadane blir synlege og dei utviklar sår. Vi ser derfor at etter eit slik angrep, kan det vere auka dødelegheit over tid, seier Stien.

Sjølv om det er mindre av perlesnormaneta no, kan ho framleis få konsekvensar:

– Ein del anlegg vart angripne i desember, så det er mogeleg at vi først kjem til å sjå det igjen i tala for dødelegheit i januar i år, seier Stien.

Bilde av en perlesnormanet på nært hold. Disse manetene danner lange kolonier, på bildet viser et utsnitt av en slik koloni..
Farleg for laksen: Perlesnormaneten tok livet av rundt tre millionar fisk i fjor. Foto: Erling Svensen/HI 

Maneta råka anlegga ulikt

Det ser ut til å vere stor variasjon i kor hardt maneta råka dei ulike anlegga som rapporterte om angrep. Frå nokre anlegg blei det rapportert om mykje skadar og høg dødelegheit, medan andre var langt heldigare.

– For at laksen skal bli skadd av perlesnormaneta, må det vera fysisk kontakt mellom manet og fisk, seier Stien.

Akkurat kva som gjorde at nokre anlegg kom lettare frå angrepa enn andre, er vanskeleg å svare på, men forskaren har nokre teoriar.

– Kanskje var det ikkje så store mengder med manet på dei anlegga som vart mindre råka, eller det kan ha vore at tiltak som luseskjørt for å halda maneta ute, eller å stoppe fôringa for å få laksen til å stå djupt og under sjikta med mest manet, som kan ha hjelpt. Helsesituasjonen til fisken før angrepet kan også ha hatt innverknad på kor godt dei tolte det ekstra stresset, seier han.