Gå til hovedinnhold

Forskarane fann tre store «ungdomskull» av sild


nvgsild

Havforskarane fann lovande årsklassar av norsk vårgytande sild på økosystemtoktet i Barentshavet. 

Fotograf: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet

No håpar dei at desse nye generasjonane veks opp og styrkar bestanden av NVG-sild. 

Dei siste åra har årsklassane av sild vore små. 

Ein må heilt tilbake til 2016 før ein finn ein solid årsklasse. Kombinert med høgt fiskepress førte det til at kvoterådet for 2024 blei sett kraftig ned (24 prosent) frå året før. 

Men på det årlege økosystemet i Barentshavet i fjor haust, gjorde havforskarane oppløftande målingar, i fylgje ein fersk rapport frå Havforskingsinstituttet (HI). 

Les også: Dette er årsaka til at kvoterådet på nvg-sild går ned 

Målte tre sterke årsklassar av NVG-sild 

– Vi har målt tre sterke årsklassar av norsk vårgytande sild, seier havforskar Georg Skaret. 

NVG-silda gyt langs norskekysten, og etter klekking driv larvane nordover langs kysten og så inn i Barentshavet. Her held ho til i ungdomsåra før ho vandrar vestover og inn i Norskehavet. 

 – På økosystemtoktet dekka vi dei viktigaste oppvekstområda for NVG-silda, og resultata vi fekk verkar lovande når det gjeld framtida, seier Skaret. 

– Vi har aldri målt meir sildeyngel enn kva vi har gjort på dei to siste økosystemtokta, og resultata frå vårt siste tokt tyder på at ein stor del av 2022-årsklassen har overlevd frå 0 til 1 år. 

Mengda toåringar er dessutan den høgaste målte sidan 2004. 

– Det er eit teikn på at også årsklassen frå 2021 er sterk, seier HI-forskaren. 

Spent på om silda veks opp til gyteklar alder 

At det ser ut til å vera tre solide ungdomskull er sjølvsagt ei gladsak. Men det er ingen garanti for at mange overlever fram til dei er store nok til å gyta. 

– Ofte vil gode årsklassar av ung sild framleis vera gode årsklassar når dei blir fire år og eldre, og dermed er gamle nok til både å gyta og bli fiska på, men det stemmer ikkje alltid, forklarar Skaret. 

 – Vi er difor skikkeleg spente på fortsetjinga her, og vi håpar jo at den store mengda ungsild i Barentshavet no kan snu den negative utviklinga vi har sett ei stund, avrunda forskaren – som understrekar at det jo er nokre år til «ungdommen» er stor nok til å reknast med i gytebiomassen, som kvoteråda baserer seg på. 

Referanse 

Elena Eriksen m.fl. Survey report (Part 1) from the joint Norwegian/Russian Ecosystem Survey in the Barents Sea and the adjacent waters August-October 2023. IMR-PINRO 2024-2.