Gå til hovedinnhold

Våren er endeleg her - i havet

Blir du snurt på din nedsnødde nesetipp? Men det er faktisk sant - våren ER her. I havet. 

Algelaben vår i Arendal har målt tett i tett med kiselalgar, både ved Havforskningsinstituttets eigen forskingstasjon Flødevigen og ute ved Torungen fyr. 

– I håvtrekket frå i går gjorde typiske vår-artar seg gjeldande. Skeletonema, Chaetoceros og Thalassiosira var alle til stades, saman med Thalassionema, som eigentleg er mest vanleg når det er lågt saltnivå i sjøen.. fortel planktonekspert Lars-Johan Naustvoll (som gjerne er litt meir på førenamn med algane enn dei fleste av oss). 

– Desse er alle ein del av vårbløminga av kiselalgar! På land ligg framleis snøen, det har vore drag av vår i lufta, men ingen blomar eller tankar om å ta på seg shorts har meldt seg endå. Men algane i havet viser retningane, no går det mot vår langs kysten vår, konkluderer ein nøgd havforskar. 

storsmilende mann i blå jakke ute i park
Planktonekspert Lars-Johan Naustvoll gler seg over at våren endeleg er her, i år også - i alle fall i havet. Foto: Christine Fagerbakke/HI 

Kva er greia med "våren i havet"? 

I havet startar våren allereie i februar, om du er litt sør på norgeskartet. Då kjem den årlege bløminga av planteplankton. 

Planteplankton blir også kalla "graset i havet". Det er mange, mange mikroskopiske eincella algar - som faktisk dannar grunnlag for alt anna liv.

Dette "graset" er nemleg viktig føde for dyreplankton som krill og hoppekreps. Og dyreplankton er igjen middagen til fisk og sjøpattedyr. 

Når bløminga startar, skjer det meste fort og i løpet av kort tid, når det først kjem i gong. Det heile kan vera overstått i løpet av ei veka. 

kvinne holder håv stående på kai
Vi gjer håvtrekk på forskingsstasjon Flødevigen kvar måndag. Det gir oss oppdatert informasjon om algar. Foto: Arkiv/HI 

Som på land: Våren kjem først til "søringan" - og seinare i nord 

Med fare for å gni inn eit faktum kanskje delar av landet er lei av å konstatera årleg, må det like fullt nemnast at våren kjem først til dei lengst sør. 

I Skagerrak, Rogaland og gamle Hordaland spirar og gror det i havet i februar og mars. I Møre og Romsdal og Trøndelag slår våren først til i mars - medan ein på Helgeland, i Lofoten og i Finnmark først ser vår i april. 

Bløminga startar alltid inst i fjordane og nært kysten før den sprer det glade bodskap vidare utover. 

figur som viser biomassen av planteplankton fra uke til uke i gjennomsnitt
Figuren viser korleis mengda planteplankton varierer veke for veke gjennom ein vårsesong. Figuren er basert på data frå åra 1984 til 2023, og at ein har gjort målingar to gongar i veka. Den blå linja syner konsentrasjonen veke for veke, medan det grå feltet viser variasjonen i kvar veke i perioden. Slik kan forskarane sjå om ein er innanfor det normale.