Gå til hovedinnhold

Kritisk lite tobis på fleire av områda i Nordsjøen


foto av avlange fisker på et bord

Det var labre observasjonar og fangstar under årets tokt med forskningsfartøyet "Johan Hjort".

Fotograf: Åse Husebø / Havforskningsinstituttet

Det førebelse kvoterådet på opptil 19.000 tonn blir derfor ikkje sett opp.

HI har vore på tokt i Nordsjøen for å måle mengdene av tobis. Det er for å kunne gi eit oppdatert kvoteråd for den vetle, men viktige fisken.

Toktet viser endå mindre fisk enn antatt i alle tobisområda. Forskarane rår til at berre område 3b og 3c blir verande opne for fiske (sjå kart).

Les også: Forskerne råder til laveste foreløpige kvote på ti år

Var ikkje forsiktige nok

Det førebelse rådet på 19.000 tonn skal i utgangspunktet vere konservativt. Men i år var det ikkje konservativt nok. Forvaltningsplanen for arten opnar ikkje for ein kvotereduksjon midt i fiskerisesongen. 

Forskarane trur likevel ikkje det vil ha praktisk betydning.

– Fiskeflåten melder om fråverande fangstar, og rettar seg heller mot andre artar. Det vil derfor ikkje bli fiska i nærleiken av 19.000 tonn, seier havforskar Espen Johnsen.

Eit anna grep er å kvile fleire av områda, ved å halde dei stengt for fiske.

Låg rekruttering over tid

I fleire år har bestanden surfa på det som no er "gammal" tobis frå sterke årsklassar med eit fantastisk toppår i 2020.

Men sidan då har rekrutteringa vore under middels over fleire år. Særleg dårleg dei siste åra.

Det har gitt lite påfyll til bestanden.

Andre skal også ha

I tillegg har hysa hatt gode tider og beita aktivt på tobis. Hysa er også eit problem for fiskarane, som får mykje bifangst.

– Tobis er viktig for heile økosystemet, som sjøpattedyr og -fuglar. Forvaltninga skal også sørge for at dei får sitt, seier Johnsen.

Havforskningsinstituttet tilrår at fangsten av tobis i 2024 ikke overstiger 19 000 tonn i norsk økonomisk sone.

Havforskningsinstituttet tilrår at underområdene 3b og 3c er åpne for tobisfiske i perioden 15. april – 23. juni, og at forvaltningsområdene 1, 2, 4 og 5 er stengt grunnet kritisk lav bestand av tobis i disse områdene. Resultatene fra HI sitt akustiske tokt i 2024 viser at biomassen er vesentlig mindre enn det som ble lagt til grunn for det foreløpige rådet, men forvaltningsplanen for tobis åpner ikke for en kvotereduksjon midt i fiskerisesongen.


Sjå det tekniske kvoterådet:

Referanse

Tobis (Ammodytes marinus) i norsk økonomisk sone (forvaltningsområde 1-5). Fiskeriråd fra Havforskningsinstituttet. 2024