Gå til hovedinnhold

Tilrår fortsatt fiskestopp for lodde i Barentshavet i 2026


En person holder et kar med lodde

Lodda er ein typisk pelagisk stimfisk som lever av planktonorganismar og er eit viktig bytte for rovdyr høgare oppe i næringskjeda, særleg torsk. Her frå økosystemtokt i Barentshavet i 2018.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet

Havforskarane tilrår nullkvote for lodde i Barentshavet.

– Årets målingar viser at det var små mengder lodde i Barentshavet og særleg i dei normalt viktigaste beiteområda på og rundt Storbanken, seier havforskar Georg Skaret, som er bestandsansvarleg for lodde.

– Etter to sterke årsklassar i 2019 og 2020, har rekrutteringa vore svak, og berekningane viser at gytebestanden no er den lågaste som er målt sidan 1995. 

Havforskarane tilrår derfor nullfiske av lodde i Barentshavet i 2026. Kvoterådet for 2025 var også eit nullråd, men bestandsnivået no er betydeleg lågare – under 40 prosent av fjorårets.  

– Loddebestanden er langt nede, men historia har vist at han har ein sterk tendens til å kome tilbake dersom han får tid til å byggje seg opp att, seier Skaret. 

God dekning

Økosystemtoktet i Barentshavet er den viktigaste kjelda til kunnskap om loddebestanden. 

I år har dekninga vore svært god. 

– Vi har dekka heile området kor lodda normalt er fordelt på denne tida, både på norsk og russisk side.

Førekomstar av lodde
Figuren viser dekninga under økosystemtokt i Barentshavet 2025. Raude sirklar indikerer snittmengde lodde registrert akustisk per nautisk mil (storleik på sirklane er proporsjonal med mengd av lodde). Grått markerer at lodde ikkje blei registrert.

Bestanden kan variere mykje frå år til år

Lodda i Barentshavet er ein kortlevd bestand, og fisken døyr like etter gyting. Lodda lever sjeldan i meir enn fem år. Loddebestanden kan såleis variere kraftig i mengd, utbreiing og vekst frå år til år. 

Sidan målingane i Barentshavet starta i 1972, har forskarane observert tre klare kollapsperiodar kor bestanden har halde seg på eit svært lågt nivå i minst fire år.

Det siste tiåret har vore prega av meir kortvarige svingingar kor låge år med nullråd som 2016 og 2019 har veksla med år kor bestandsnivået har vore høgare og det har vore opning for eit fiskeri.

– Bestanden er no igjen under haustbart nivå, og dei relativt låge mengdene av umoden lodde indikerer at det heller ikkje for 2027 er store sjansar for eit fiskeri.

Den endelege kvota vert fastsett av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, som møtest denne veka.