Gå til hovedinnhold

Eit ukjent tal artar lever i havet – «Nansen» har oppdaga nokre av dei


Et stort hvitt forskingsskip

Gjennom tokta med «Dr. Fridtjof Nansen» har havforskarane oppdaga og skildra 90 artar som før var ukjende for vitskapen.

Fotograf: Ove Remme / Havforskningsinstituttet

«Dr. Fridtjof Nansen» går i farvatn der det sjeldan før har vore vitskapelege tokt. Det gjev ein drøss med verdifulle data – og ein del nye spennande bekjentskap. 

Framleis er det eit botnlaust kvelv av levande skapningar utan namn på denne kloden som få menneskeauge har sett før. 

Mange av desse lever i havet.

Dei siste åra har ei rekkje av desse ukjende artane hamna på dekk hos forskingsfartøyet «Dr. Fridtjof Nansen». 

Det er starten på eit detektivarbeid: er dette ein ny art eller «berre» ein fisk havforskarane sjeldan ser i dagslys? 

Går der det aldri før har vore tokt

«Dr. Fridtjof Nansen» er ein flytande forskingsstasjon, som vert nytta i eit samarbeid mellom Norad, FAO og Havforskingsinstituttet i EAF Nansenprogrammet.

Om bord er både avanserte akustiske instrument, undervassfarkostar, fleire forskingslaboratorium, eit auditorium og eit bibliotek. 

Hovudmålet med fartøyet er å bistå partnarland frå det globale sør med å etablere økosystembasert fiskeriforvaltning, både for å sørgje for berekraftig hausting av ressursar og for å sikre mattryggleiken. 

Utsikt frå brua på Nansen. Baugen på båten skimtast så vidt, og sola går ned i horisonten
Her er «Dr. Fridtjof Nansen» på tokt langs kysten av Angola sommaren 2024. 
Foto: Rokas Kubilius / Havforskingsinstituttet

Forskarane om bord registrerer så mykje som mogeleg om hava dei ferdast på: temperatur, salthaldigheit, oksygen, PH, næringssalt, plankton, fiskelarvar, forureining, plast – og kven som lever der.

– Vi har tokt i delar av verda der det ikkje finst vitskapelege data frå før av. Då dukkar det jo òg opp artar som ikkje har vore identifiserte før, seier havforskar Kathrine Michalsen.

Ho er toktkoordinator for forskingsferdene til «Dr. Fridtjof Nansen». I løpet av dei 50 åra som forskarane har segla dei sju hav, har 90 artar vorte vitskapeleg identifiserte for aller første gong.

Eventyrleg mangfald

Havforskingsinstituttet har mykje tokterfaring i bagasjen – frå isdekte Arktis, innom kronglete fjordar langs norskekysten og til det rike Barentshavet. Men ikkje alle tokt er like. 

– I Barentshavet får ein mange av kvar art, men på Nansen-tokt er det fleire ulike artar og færre av kvar, seier Michalsen. 

Mange forskjellige og fargerike fisker
Desse fiskane vart fangsta utanfor Mauritius. Kor mange hadde du klart å identifisere?
Foto: Havforskingsinstituttet

Og nettopp dette store mangfaldet gjer at det vert stilt høge krav til havforskarane som er med på Nansen-tokta. For kvar fangst som kjem på dekk, skal granskast.

Dei lyt ha omfattande erfaring med å identifisere artar, og deltek på kurs i regi av FAO for å halde seg kontinuerleg oppdaterte. 

– Om ein reknar med alle artane vi kan få i ein fangst – både fisk og bentiske artar, altså dei som lever nær botnen – så kan vi fort ha 100 ulike artar i ein fangst, fortel Sarah Bruck. 

Marinbiologen mønstra på «Nansen» for første gong i 2017, på eit pelagisk tokt der ferda gjekk frå Namibia til det sørlege Afrika. Åtte år seinare, er talet toktdøgn høgt og erfaringane rike.  

– Det er som eit detektivarbeid. Du kan få ein fisk som nesten stemmer med litteraturskildringane, men han har nokre karakteristikkar som ikkje samsvarar, og då må du grave djupare, seier Bruck. 

Men korleis i alle dagar gjer ein det?

«Artig hale + raud finne»

Først lyt fleire auge bivåne den ukjende skapningen. Om ingen på same skift kjenner att arten, så vert individet bevart slik at neste skift kan kaste nysgjerrige auge på det. 

– Vi kan ikkje berre seie at «dette er ein ny art», for det kan like gjerne vere ein art som er kjent, men som vi ikkje greier å identifisere ved hjelp av litteraturen vi har tilgjengeleg, forklarar Bruck og utdjupar: 

– Det kan vere at eit individ har små avvik frå skildringa som gjer at ein ikkje treff i identifiseringsnøklane, eller at vi er i område eller på djupner som ikkje er inkluderte i identifikasjonsbøkene. 

Taksonomi er eit fag i konstant utvikling. Det er stadig oppdaterte skildringar, og artar som vert skilde frå kvarandre eller sett saman igjen som følgje av DNA-bevis. Ein vert difor aldri utlærd. 

En kollasj av to bilder. Det ene bilder viser en mann og en kvinne som smiler mot kamera, begge har på seg hvite frakker. Det andre bildet viser en kvinne som konsentrert ser gjennom et mikroskop, ved siden av henne står flere glass med dyr på
Taksonomi er eit fag som krev mykje tid og kunnskap. I november, heldt FAO workshop i Sør-Afrika, der deltakarane fekk opplæring og høve til å skildre nokre av dei nyfanga og endå ukjende individa frå Nansen-tokt. HIs Sarah Ann Bruck var ein av rettleiarane. Her med FAO-taksonom Peter Psomadakis.
Foto: Sarah Bruck / Havforskingsinstituttet

Dei lokale forskarane om bord vert konsulterte, dei tallause identifiseringsnøklane granska nøye, og den taksonomiske litteraturen brukt flittig. 

Korleis er finnane plasserte? Kva er tannmønsteret? Lang og tynn, liten og rund – kva er måla til denne skapningen? Kor vart han fangsta? Kva med fargane, stemmer desse med det som har vorte skildra tidlegare?

Forskarane noterer seg detaljar som kan vere viktige. 

– Du tyr til slutt til alle mogelege metodar for å finne ein fisk med artig hale og raud finne, seier Bruck og ler.

Tek fleire år å få svar

Dersom ingen vegar fører til Rom, og havforskarane om bord framleis står att utan namn på arten dei har føre seg, vert FAO sin eigen taksonom Peter Psomadakis kopla på. 

Det ukjende individet vert lagt på is, men arbeidet halde varmt. 

Bilete og detaljar hamnar i hans innboks. Han tek då over som havets eigen Sherlock, og fagfolk og taksonomar frå fjern og nær vert kontakta. Har dei støytt på denne arten før? 

Fleire år kan gå frå ein ukjend art kjem på dekk til han er stadfesta som «ny» og taksonomisk skildra for første gong. 

– Ofte har vi berre eitt eksemplar, og dette skal granskast nøye – kanskje av fleire ulike ekspertar, forklarar Bruck.

– Virvlar vert talde, vevsprøver analyserte, ein granskar alt frå genetikk til røntgen-bilete – og alt dette tek lang tid.

I 2005 oppdaga forskarane ein ukjend sjøsnigel utanfor Gabon – først i 2010 vart denne offisielt namngjeven. Han fekk namnet Turbonilla alvheimi etter HIs eigen Oddgeir Alvheim. 

2000 ulike takson: frå sniglar til muller og maneter

Medan månadane og åra går, mister havforskarane «på golvet» fort oversikta over dei nye artane dei har støytt på – deira arbeidskvardag tikkar vidare som før. 

Men nokre seglasar har gjort seg ekstra minneverdige. 

Mellom 2007 og 2009 gjekk forskingsfartøyet utanfor kysten av Mosambik. Åtte nye artar vart identifiserte ut frå desse ferdene. 

Ein av desse er Parupeneus nansen, som vart fangsta i eit trålhal 30. september 2007. 

Eitt av dei fremste kjenneteikna til denne mullen, er fargane på halefinna som er pryda av tre raudrosa prikkar. 

Nansen-mullen, på godt (uoffisielt) norsk, er kalla opp etter forskingsfartøyet som tok han om bord.

en rødlig mulle
P. nansen photographed by O. Alvheim (Norwegian Institute of Marine Research)
Foto: ©O. Alvheim/FAO

Mellom 2013 og 2018 gjekk «Dr. Fridtjof Nansen» utanfor kysten av Myanmar, i Indiahavet. Tokta munna mellom anna ut i ein ID-guide, laga av FAO – ei oversikt over artar langs kysten. 

Denne romma 15 artar som var nye for vitskapen, og endå 51 potensielt uskildra artar.  

Ein av desse høyrer heime i Andamansjøen. Her oppdaga havforskarane ein liten fisk med store auge og med storslåtte fargar – finner farga i ein klår gul, med lilla tuppar og raudrosa prikkar. 

en fargerik fisk
Grammatonotus bianchi.
Foto: ©FAO/O. Alvheim

Denne fisken fekk namnet Grammatonotus bianchi – etter HIs Gabriella Bianchi, som tidlegare var forskingskoordinator. 

Men det er ikkje berre nye fiskar og sjøsniglar som dukkar opp i trålen. På tokt utanfor sørkysten i Afrika mellom 2017 og 2019, vart det maneter som skapte mest begeistring.

Ein ny art glasmanet, ein kompassmanet, og to kubemaneter – ein som høyrer til slekta Chironex

Kubemaneter – og særleg den australske Chironex fleckeri – er blant dei giftigaste dyra i havet. Frå før har dei berre vore kjende frå farvatna rundt Australia og utanfor kysten av Thailand. Men havforskarane på «Dr. Fridtjof Nansen» oppdaga ein heilt på den andre sida av Det indiske hav. 

en manet
Dette er ein art kubemanet, som vart oppdaga for første gong gjennom Nansenprogrammet.
Foto: ©FAO/EAF-Nansenprogrammet

Fiskar med kropp som gele

I løpet av alle desse åra til sjø har forskarane samla over 2000 ulike takson. Til no er 90 av desse validerte som nye artar, og formelt skildra. Fleire kan det verte.

Nokre potensielt nye artar er allereie samla inn, klare for å klatre dei ulike trinna i prosedyre-stigen på veg inn i vitskapen. 

Andre ventar til havs.

Utsikt fra broen og bak mot tråldekket, der trålen er på vei ut i vannet
Her tråler FF Dr. F. Nansen utanfor kysten av Angola.
Foto: Rokas Kubilius / Havforskingsinstituttet

Havområda utanfor Mosambik og Tanzania merkjer seg ut som spesielt spennande for marinbiolog Sarah Bruck:

– Det er ikkje så ofte vi går i desse områda, og difor er der mange artar som er heilt ukjende for oss. Du får opp mykje rart: alt frå små, fargerike fiskar til sjøhestar og mange ulike ålefiskar. 

Om du òg fiskar på 7-800 meter byrjar det å kome artar ein sjeldan ser. Spennande haiar, fiskar som er heilt svarte – i djupet vert dette ein form for kamuflasje – og fiskar med kropp som gele. 

For sjølv etter 50 år med vitskapelege tokt både fjern og nær, så er det framleis mange krikar og krokar att på dei sju hav som endå ikkje er utforska. Særleg, om ein vender snuten nedover.  

– Om ein vil finne nye artar, så er det nok av dei i djuphavet.