Gå til hovedinnhold

Kvoteråd for breiflabb nord for Stad i 2026: 2402 tonn


foto av en fisk som lurer bak tang og tare

Breiflabbestanden nord for Stad heng tett sammen med bestanden i Nordsjøen og vest av Skottland.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Det er omtrent likt som i 2025.

– Breiflabben er ein fisk som lever lenge. Når vi ikkje fiskar for hardt, er det derfor naturleg at rådet kan bli svært likt som året før, seier havforskar Kjell Nedreaas.

HI anbefaler no at fangstane av breiflabb nord for 62˚ ikkje overstig 2402 tonn i 2026.

Dette har forvaltninga sikta på å oppnå ved hjelp av tekniske reguleringar, som minstemål, fredingsperiodar og restriksjonar i tal og maskevidde på garn.

Mindre data = meir forsiktig kvoteråd

Breiflabben i nord er ein såkalla "datafattig bestand" som ikkje blir overvaka med dedikerte forskingstokt.

Kvoterådet er i basert på offisiell fangststatistikk og data frå kystreferanseflåten.

– Noko større usikkerheit i årets råd gjer at det blir meir forsiktig, altså lågare enn det kunne vore, seier Nedreaas.

Vil ha meir data frå fangstdagbøkene

Det skuldast blant anna at kvoterådet for 2026 kjem før fiskeåret 2025 er over.

Forskarane jobbar med å få inn meir breiflabbdata i framtida.

– Vi jobbar blant anna for å få inn viktige data gjennom dei offisielle, elektroniske fangstdagbøkene til alle fiskarane som brukar breiflabbgarn, seier Kjell Nedreaas.

Er avhengig av "tilflyttarar" frå sør

Sidan i fjor har Havforskingsinstituttet gitt kvoteråd for breiflabben nord for Stad med mål om å hindre overbeskatning.

Lågare kvoter i andre fiskeri, vil truleg gjere at fleire fiskar rettar auga mot breiflabben.

– I tillegg er bestanden nord for Stad heilt avhengig av påfyll frå breiflabb i Nordsjøen og vest av Skottland. Der ser vi no svakare rekruttering etter ein tidsperiode med svært god rekruttering, forklarer Nedreaas.

Dette vil truleg gi utslag også nord for Stad i åra som kjem. 

Vil at kystfisken skal stå på eigne bein

Normalt ser forskarane ei parallell utvikling med vel fem års forseinking mellom nordsjøflabben og nord for Stad-flabben.

– Med råd om avgrensa totaluttak  nord for Stad, håpar vi at meir breiflabb vil få høve til å gyte i området. På sikt vil denne bestanden då kunne bli meir sjølvberande, seier Nedreeas.

Forskarane rår også til å vente med oppstarten av fisket til etter gytinga er ferdig om våren.

Les det tekniske kvoterådet:

Nedreaas med flere. HI kvoteråd 2026 - Breiflabb nord for 62°N. Rapport fra havforskningen 2025-79