Gå til hovedinnhold

Tema: Breiflabb

Breiflabb i det nordaustlege Atlanterhavet høyrer eigentleg til to nærståande artar. Dei norske fangstane er nesten utelukkande arten Lophius piscatorius (kvit bukhole), medan det berre er ca. 1 av 1000 som høyrer til arten Lophius budegassa (svart bukhole).

Breiflabb er ein typisk botnfisk, sjølv om den stundom vert funne høgt oppe i vassøyla. Sannsynlegvis lettar den frå botnen og nyttar havstraumane i samband med nærings- og gytevandring. Den kan treffast i strandsona og vidare nedover i djupe fjordar. Lenger sør i Atlanterhavet er den også vanleg ned til djupner på over 1000 meter. Breiflabben er utbreidd frå Barentshavet til nordlege delar av Vest-Afrika, den finst i Middelhavet og Svartehavet. Vestgrensa går ved Island.

Nærbilde av breiflabb
Foto: Øystein Paulsen


Breiflabben er ein rovfisk som har få naturlege fiendar i vaksen alder. Den ligg i ro og lokkar til seg bytte ved hjelp av den fremste finnestråla som fungerer som ei fiskestong med ein hudflik som agn. Alle typar fisk som kjem nær nok den store kjeften, vert slukte når breiflabben raskt opnar gapet og syg byttet inn. Ein har jamvel funne sjøfugl og oter i magen på breiflabb. Merkeforsøk dei siste åra har vist at breiflabben er i stand til å gjennomføre relativt lange vandringar, men det er framleis noko uklart korleis dynamikken i gyte- og næringsvandring er hos arten. Enkeltfisk har vandra frå Nordsjøen til Færøyane, Island og norskekysten heilt opp til Vesterålen, og fisk merkt på Møre er fanga att i Nordsjøen og ved kysten av Nordland.

Sidan 2001 er det særleg i områda nord for Halten at fangstane har teke seg opp, og i 2007 og 2008 kom om lag 45 % av dei norske landingane frå desse områda. I 2009 vart, for fyrste gong, meir enn halvparten teken i dette området. Det kan tyde på at breiflabben fekk ei meir nordleg utbreiing langs norskekysten i desse åra. Dette kan vere eit resultat av eit varmare havklima, sidan desse nordlegaste områda er heilt i randsona for breiflabben si utbreiing.

Fiskeri

For denne datafattige bestanden bruker ICES å gi råd ut frå trendane i eit skotsk breiflabbtokt.

ICES gir råd for to breiflabbestandar, ein sørleg som strekkjer seg frå Portugal/Spania og nordover til Irland, og ein i området vest for Skottland og Nordsjøen/Skagerrak. Bestanden nord for Stad heng nok til ein viss grad saman med den vi finn i Nordsjøen, men vert førebels rekna som ein eigen bestand. Denne vart for første gong vurdert av arbeidsgruppa for nordaustarktiske bestandar i 2013. Den totale innsatsen i dette fisket er kraftig redusert.

Tidlegare vart meir enn 80 % av den norske fangsten teken nord for Stad. Sør for Stad deler vi breiflabben med andre nordsjøland. Dei norske fangstane utgjer 5–10 %. Skottland står her for mesteparten av uttaket, medan Danmark ligg på om lag same nivå som Noreg.

Det norske fisket blir for det meste drive frå sjarkar med stormaska garn nær kysten både nord og sør for Stad. Dei andre nasjonane fiskar mest med botntrål. Det norske fisket er i stor grad retta mot den kjønnsmodne delen av bestanden, medan trålfisket i Nordsjøen helst tek mindre, umoden fisk. Forvaltinga av breiflabbestandane må sikre at nok fisk overlever til kjønnsmoden storleik. Slik sett er ikkje fiskemønsteret i Nordsjøen like berekraftig som det vi har nord for Stad.