Publisert: 19.06.2025
Norske havområde består av 2,4 millionar kvadratkilometer hav og kyst, som strekk seg frå fjære og ned til nesten 4000 meters djup. Størstedelen av Norskehavet er meir enn 1000 meter djup.
I Naturavtalen sitt Mål 3 er målsetjinga at 30 prosent av areal med marine økosystem skal verte verne innan 2030.
Kva betyr dette i norske hav, fjordar og kyst?
Det har havforskarane no freista å finne ut.
– Noreg har verna kring 4,5 prosent av sine hav- og kystområde, og har ein lang veg å gå for å nå måla i Naturavtala, seier havforskar Mette Skern-Mauritzen.
På oppdrag frå Fiskeridirektoratet, har ho og kollegaane vurdert korleis vegen frå 4,5 til 30 prosent verneområde kan sjå ut. Her kan du lese rapporten.
Frå ei naturfagleg side er vi godt skodde, viser gjennomgangen:
– Noreg er betre stilt enn dei fleste andre nasjonar. Vi har eit solid grunnlag for å kunne identifisere kandidatområde for vern, seier Skern-Mauritzen, som har leia arbeidet.
Ho viser til at vi har omfattande overvakings- og kartleggingsdata, modellar og tilgjengeleg kunnskap.
Det er framleis nokre kunnskapshol både langs kysten og i djuphavet, men for å nå vernemålsetjinga innan 2030, lyt ein handle ut frå dagens kunnskap, påpeiker forskarane.
Samtidig kan noko av usikkerheita verte redusert gjennom brei involvering og ein prosess med rom for tilpassing og justeringar, meiner dei.
Dei særleg verdifulle og sårbare områda (SVO) og raudlistene for artar og naturtypar har allereie som føremål å vareta mangfaldet i norske farvatn.
Havforskarane peikar på at desse prosessane svarar på nokre av krava frå Mål 3 – som å ta vare på sjeldne og truga artar eller særleg artsrike økosystem – og difor bør vere sentrale. Men dei er ikkje tilstrekkelege:
– SVO-ane er eit døme på dette. Dei er viktige område, men dei er ikkje valde ut med tanke på at dei skal vere representative, forklarar Skern-Mauritzen.
I rapporten skildrar havforskarane tilnærmingar som både identifiserer viktige område for marint biologisk mangfald og samtidig reduserer arealkonfliktar med til dømes fiskeri, olje og gass og havvind.
– Dei beste og mest realistiske løysingane for å etablere 30 prosent vern og bevaring er dei som varetek både natur og samfunnsøkonomi, så langt det let seg gjere, seier Skern-Mauritzen og held fram:
– Vi må likevel vere førebudde på mange vanskelege avvegingar i åra som kjem, der naturen skal verte teken omsyn til i større grad.
Havforskaren peikar på at også graden av vern eit område får, har mykje å seie for kor vellukka vernet er:
– Sjølv om både fiske og annan aktivitet vert tillate i dagens marine verneområde, viser kunnskapen at det er behov for strengare vern for å oppnå ei positiv effekt på det biologiske mangfaldet, seier Skern-Mauritzen.
For å svare opp Mål 3 rår forskarane forvaltinga om å vurdere breiare tiltak enn tradisjonell fiskeriforvalting åleine, då fleire sektorar bidreg til at artar, habitat og økosystem vert degraderte.
Endå Mål 3 ikkje nemner klimaendringar, vurderer forskarane også korleis tiltaka bør ta omsyn til klimarelaterte utfordringar.
– Vern og bevaring av marine økosystem er viktige tiltak i møte med klimaendringar, seier Skern-Mauritzen, og held fram:
– Endå det er ei stor utfordring å skulle oppnå 30 prosent vern i løpet av dei neste fem åra, er det også ei unik mogelegheit.
Havforskaren peikar på auka vern og beskyttelse kan gjere økosystem og habitat meir robuste både mot dagens påverknadar, men òg framtidige påverknadar.
– Naturavtala inneheld mange ambisiøse mål for å vareta natur, både for naturens eigen del, men òg å sikre økosystemtenester som vi menneske er så avhengige av. Vi har ofte ein tanke om at vi kan forvalte alle våre aktivitetar langs kyst og i havet slik at summen av påverknadar vert berekraftig, men det er ikkje så enkelt.
Skern-Mauritzen peikar på at det er utfordrande å føresjå kva som er berekraftig over tid, etter kvart som mengda belastningar stig og vilkåra endrar seg.
– Difor meiner eg det er viktig at vi aukar arealet som vert beskytta av vern og tiltak, slik at vi kan behalde robuste økosystem som ein buffer mot all påverknad – inkludert klimaendringar.