Gå til hovedinnhold

Endeleg nytt djuptvatn i Masfjorden


Foto av en mann som står helt bak på en båt. Sjø og fjell i bakgrunnen.

Havforskar Lars Asplin var på tokt i Masfjorden akkurat då nytt djupvatn kom inn i fjorden.

Fotograf: Jean-Baptiste Danre / Havforskningsinstituttet

Etter fire år er djupvatnet i Masfjorden bytta ut med nytt, oksygenrikt vatn – takka vere nordavinden.

– Frå omtrent 14. mai har det vert mykje nordavind i dette området, det er truleg årsaka til at djupvatnet vert skifta ut akkurat no, seier havforskar Lars Asplin. 

Dette er første gong sidan april 2021 at fjorden er fylt med ferskt djupvatn – fullt av oksygen. Sist dette skjedde var i 2011, så slike episodar er sjeldne. 

Tokt avslørte vassbytet 

Tilfeldighetane ville at Asplin var på tokt med FF Hans Brattstrøm i Masfjorden (Vestland) akkurat då utskiftinga var i gang.  

– Ei av oppgåvene på dette toktet er å måle oksygen-nivået på djupet i fjorden, her betyr det på omtrent 450 meters djup, seier han. 

Resultatet av målinga viste at oksygennivået hadde auka med 2 ml/l i sjøvatnet nær botnen. 

– Det høyres kanskje ikkje så mykje ut, men det betyr at friskt og samstundes tilstrekkeleg tungt vatn straumer frå Fensfjorden, over terskelen ved inngangen til Masfjorden og deretter søkk ned i djupet, seier han. 

d en fargeskala som viser hvordan oksygeninnholdet endrer seg.
Lengdesnitt langs Masfjorden fra Matre (til venstre) og ut Fensfjorden (til høyre) av observert oksygeninnhold i vannmassene. Den øverste figuren viser forholdene i slutten av januar 2025 der verdiene i dypbassenget i Masfjorden var lave (blå farge). Den 23. mai (nederste panel) hadde verdiene økt med over 2 ml/l (gul farge) og observasjonene indikerer en pågående vannutskiftningsprosess.

Terskelen dannar ein “vegg” som stoppar nytt vatn utanfor fjorden 

Nettopp terskelen ved inngangen til fjorden er årsaka til at djupvatnet på innsida kan bli liggande i fleire år. Dermed vert kvaliteten på vatnet gradvis dårlegare, og det blir mellom anna lite oksygen som påverker livet på botn negativt. 

– Terskelen i Masfjorden ligg på 70 meters djup, på innsida er det opp mot 450 meter djupt. Dermed er den ein effektiv stoppar for vatn som kjem frå utsida av fjorden, seier han. 

For at djupvatnet i slike fjordar skal bli bytta ut, må forhalda ligge til rette.

To grafer som viser utvikling av hhv. oksygen og salinitet.
Disse tidsseriene viser oksygen i vannmassene (øverst) og saltholdighet (nederst) fra en stasjon ved det dypeste punktet i bassenget i Masfjorden. Hver prikk representerer et målepunkt (tokt).

Prosessen startar på kysten 

– Langs kysten, ute ved Fedje, trengs det jamn nordavind i ein lengre periode. Då vert vatnet i overflata pressa ut frå land og djupvatnet stig opp for å erstatte dette. Kystvatnen ved Fedje har altså blitt tyngre, og det er slik at saltere vatn er tyngre enn ferskare, seier Asplin. 

Det neste som skjer er at dette saltare vatnet strøymer inn Fensfjorden i djupet som ei indre bølge.  

Tilstrekkeleg tungt vann strøymer inn over terskelen til Masfjorden 

Når vatnet som er på veg inn Fensfjorden når munningen av Masfjorden, vil det fortsette inn fjorden over terskelen på 70 m djup. Og når dette vatnet er tyngre enn vatnet i djupet av Masfjorden, syt tyngdekrafta for at det nye vatnet søkk ned og erstattar det gamle vatnet.  

– Slik etterfylling av oksygenrikt vatn er viktig for livet på botnen av fjorden, seier Asplin.