Rognkjeksa er korkje atletisk eller straumlinjeforma, men er like fullt ein maratonsymjar av rang. Foto: Erik Olsen / HI
Publisert: 23.05.2025
Atletisk er ikkje det første som slår deg med rognkjeksa. Ikkje det andre eller tredje heller.
Men skinnet kan bedra.
Den klumpete skapningen er nemleg ein maratonsymjar i forkledning.
– Rekorden er ein distanse på 1612 kilometer mellom stadene for merking og gjenfangst, seier ein for anledninga overraska Leif Nøttestad.
Havforskaren har samarbeidd med kollegaer frå Noreg, Island og Grønland om eit stort merke-og-gjenfangst-prosjekt i Nordaust-Atlanteren.
– Resultata var svært overraskande. For første gong har vi dokumentert at rognkjeksa, som ikkje nett er straumlinjeforma, vandrar over lange avstandar mellom beiteområde i ope hav om sommaren, og gyteområde i kystnære farvatn om våren, seier han.
Fleire rognkjekser vart gjenfanga meir enn 1000 kilometer frå der dei vart merkte. Truleg betyr det at fisken utnyttar dei store straumsystema effektivt under vandringane.
Totalt vart det merka 2750 rognkjekser.
17 av desse vart gjenfanga.
Det kan høyrest lite ut, men forskarane får faktisk eit vell av nyttig informasjon frå desse individa.
– Låg gjengfangstrate tyder i seg sjølv på at bestandane i Nord-Atlanteren no blir lite utnytta, altså at det blir fiska lite, seier Nøttestad.
Det er nemleg fiskarar som i hovudsak står for gjenfangsten, og som leverer merkt fisk til forskarane.
Gjenfangsten viser at Norskehavet er eit sentralt beiteområde for fleire distinkte bestandar av rognkjekse.
For eksempel ser Norskehavet ut til å vere hovudbeiteområde for rognkjekse som gyter i dansk farvatn.
Samanlikna med rognkjekse merkt i andre havområde, gyter ein større del av fisken merkt i Irmingersjøen – eit havområde aust for det sørlege Grønland – utanfor Island.
– Alt dette gjev oss verdifull innsikt i bestandsstrukturar og vandringsmønster, noko som igjen er viktig informasjon opp mot forvalting av arten, seier Nøttestad.
Veging av rognkjekse ved merking og gjenfangst gav forskarane nyttig informasjon om kort fort fisken veks. Det ser dessutan ut til at rognkjekse og rognkall – namnet på hannen – blir kjønnsmodne ved ulik storleik.
– Vekstraten tyder på at rognkallar som er over 20 centimeter og rognkjekser som er over 25 centimeter om sommaren, kan bli gytemodne påfølgande vår, fortel Nøttestad.
Det kan vere nyttig informasjon for fleire enn forskarane. Sjølv om fisket etter rognkjekse ikkje er stort i dag, brukast rogn frå kjønnsmoden fisk til kaviarproduksjon, ikkje minst på Island.
Forskingsresultata blei nyleg publiserte i Journal of Fish Biology. Der trekte redaktøren fram artikkelen til Nøttestad og kollegaene som særleg interessant («Editor’s choice»).
Under tittelen «Lump by name, not by nature» (rognkjekse heiter lumpfish – altså «klumpfisk» – på engelsk) skreiv den nyfrelste rognkjekse-entusiasten mellom anna:
«Denne studien […] har vist at du ikkje alltid kan bedøme ei bok etter omslaget, med rognkjekse som dekker herkuliske avstandar. Men, kanskje enda viktigare, mønstra for gjenfangst støttar teorien om Norskehavet som felles beiteområde for fleire distinkte bestandar av rognkjekse, noko som er viktig informasjon for forvaltinga av arten.»
Kennedy, J., Post, S., & Nøttestad, L. (2025). Long-distance migrations, population mixing, and growth rate of lumpfish (Cyclopterus lumpus) revealed from tag-recaptures. Journal of Fish Biology, 106(3), 717–724. https://doi.org/10.1111/jfb.15994
Perry, W.B. (2025). Lump by name, but not by nature: 1000km migration of lumpfish (Cyclopterus lumpus). Journal of Fish Biology, 106(3), 663. https://doi.org/10.1111/jfb.16074