Bardekvalar gjer ofte frå seg, før dei dukkar djupt. Dette er ein knølkval som er i ferd med å dukke ned.
Fotograf: Carla Freitas / HavforskingsinstituttetPublisert: 13.11.2025
Planteplankton er «havets gras» – og for å verkeleg blomstre treng dei tilførsel av næringsstoff.
Her speler bardekvalane ei viktig rolle, syner nye resultat.
Kvart år, migrerer bardekvalar, som vågekval og finnkval, nordover for å beite i våre farvatn i sommarhalvåret og dei gjer nytte for seg:
– Ved å resirkulere næringsstoffa i havet, kan desse bardekvalane auke primærproduksjonen, seier havforskar Carla Freitas.
Forskarane har lenge hatt ein hypotese om at kvalar resirkulerer næringsstoff, men no har dei talfest kort stort bidraget er.
Tidlegare har forskarane funne ut at dei 15 000 vågekvalane som beiter rundt Svalbard bæsjar 600 tonn kvar dag.
No har forskarane også fått svar på urinprøvene:
– Nitrogen vert i hovudsak skilt ut via urin. Fosfor og andre essensielle spormetall som jern, sink, kopar og mangan vert for det mest vert skilde ut gjennom avføringa, seier Freitas.
Både nitrogen, fosfor og spormetall er nøkkelingrediensar for planteplankton – mangel på desse næringsstoffa er ein brems for produksjonen. Nitrogen er spesielt avgrensa i vårt ope hav.
– Ikkje berre er kvalurin ei god kjelde til nitrogen, men næringsstoffet vert også skilt ut i ei form som er enkel for planteplanktonet å ta i bruk, seier havforskaren.
Studien fokuserer på bardekvalar på beiteområda i Barentshavet, Norskehavet, Grønlandshavet og Islandshavet. Bardekvalar inkluderer vågekval, finnkval, seikval, knølkval, blåkval og grønlandskval.
Forskarane har nytta ein økosystemmodell for å simulere primærproduksjonen i to ulike scenario: med og utan kvalar som gjødslar.
Bidraget varierer etter tid og stad, viser funna.
– Størst effekt såg vi på sommaren, når vatnet er lagdelt og næringsstoff-nivåa er låge, og i ope hav, langt frå andre næringskjelder, seier havforskar Morten Skogen.
Då kan gjødselbidraget frå kvalane auke primærproduksjonen med opp mot 10 prosent. Den årlege effekten er meir beskjeden, med opp til fire prosent.
Studien tyder på at auka primærproduksjon grunna kvalgjødsel får ringverknadar vidare i næringsnettet – det vert opp til 10 prosent meir dyreplankton, som igjen er mat for fisk og andre artar.
– Kvalar er ikkje berre topp-predatorar – dei er nøkkelartar i næringsnettet, der dei resirkulerer næringsstoff og bidreg til eit produktivt økosystem, seier Carla Freitas.