Gå til hovedinnhold

Ny raudliste: 21 marine naturtypar er truga – Arktis er særleg utsett


to isbjørner på et flak

Mange av dei kritisk truga naturtypane høyrer til fleirårsisen i Arktis. 

Fotograf: Michael Poltermann / Havforskningsinstituttet

Oppdatert norsk raudliste syner marin natur i faresona.

– Vi reknar med at naturtypar som er knytte til fleirårsis er forsvunne om 25 år. Global oppvarming endrar isen si utbreiing i Arktis raskt, seier havforskar Kjell Magnus Norderhaug.

Saman med HI-kollega Barbro Taraldset Haugland har han leia ekspertgruppa som har granska marin natur til Artsdatabanken si ferske norsk raudliste for naturtypar.

Denne syner kva natur som er i fare for å gå tapt i Noreg.  

33 naturtypar på raudlista

Den ferske raudlista tek i bruk rammeverket Natur-i-Norge. Dette skal, kort fortalt, sikre at norsk natur vert kartlagt på systematisk og samanliknbart vis – trass i at han er uhorveleg variert.

– Dette har også ført til at vi har vurderte fleire naturtypar enn tidlegare, seier Haugland. 

Forskarane har vurdert alt frå pollar i fjæresona, grunna langs kysten og korallrev i fjordane til varme kjelder i djuphavet. 

Til saman har ekspertgruppa vurdert 135 marine naturtypar – dei fleste høyrer til marine botnsystem, men 17 naturtypar høyrer til marine vassmassesystem.

Resultatet er at 33 naturtypar er raudlista. Av desse vert 21 rekna som truga. 

– Arktis og naturtypane som er knytte til fleirårsis er særleg utsett, seier Haugland.

Eitt samfunn på overflata, eit anna under

Fleirårsis er havis som ikkje smeltar om sommaren. Åtte av dei ni naturtypane ekspertgruppa har vurdert som kritisk truga (CR) er knytte til slik fleirårsis.  

– Fleirårsis er venta å vere tapt innan 2050, seier Norderhaug. 

Denne havisen har viktige funksjonar – på den eine sida er han leveområde for både isbjørn og sjøfugl, og det er her grønlandsselane møtest for å få ungar og felle pels. 

På den andre sida, er han også tilhaldsstad for isalgar.

– Desse dannar grunnlag for eit økosystem av små krepsdyr og polartorsk, som alle er avhengige av fleirårsisen, seier havforskaren. 

polartorsk under is
Polartorsken er ein av artane som vil merkje følgjene om fleirårsisen forsvinn. 
Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Truga habitat trugar mange artar

Norske havområde dekkjer eit areal på over 2 millionar km2 – og dei marine naturtypane møter eit vidt spenn av trugslar. 

– Særleg alvorleg er trugslar mot habitatbyggjande artar, fordi dei skapar leveområde for mange andre artar, seier Norderhaug. 

– Dette gjeld til dømes korallar, svampsamfunn, tareskog og undervasseng i brakkvatn. 

Seks naturtypar er vurderte til sterkt truga (EN), deriblant sukkertareskog i Skagerrak. 

Andre truga naturtypar er mudderførande kalde havkjelder, som er vurderte som sårbare (VU), medan kysttilknytte korallrev og ruglbotn er vurderte til nær truga (NT). 

Samansette påverknadar

Påverknadane dei marine naturtypane møter er ofte komplekse og samansette, ifølge ekspertgruppa. Samtidig kan responsen til økosystemet vere forskjøve i tid.

– Dette gjer at det ofte er vanskeleg å peike på ein isolert grunn til at ein naturtype er i risikosona, seier Norderhaug. 

Men klimaendringar, fiske og menneskelege aktivitetar langs kysten – både i sjø og på land – er faktorane som i størst grad påverkar og legg press på dei marine naturtypane. 

– Klimaendringane endrar miljøvilkåra raskt. Temperaturen aukar, marine hetebølgjer vert hyppigare og meir intense, og kystvatnet vert mørkare, seier havforskaren.

– Dette – saman med overfiske, fysisk påverknad frå botntråling, forureining og utbygging i strandsona – fører til endringar i dei marine økosystema.

Samstundes er det nokre potensielt nye trugslar i horisonten. Basert på dagens kunnskap, vil utvinning av djuphavsmineral kunne truge økosystem tilknytta havkjelder i framtida. 

– Mineralutvinning er framleis i planleggingsfasen og usikkerheita er stor. Utviklinga til denne industrien vil kunne endre trugselbilete, avsluttar Norderhaug.