HI sin langsiktige overvakingsplan er no tilgjengeleg som Rapport fra havforskningen.
Fotograf: Christine Fagerbakke / HIPublisert: 16.10.2025
– Ei av Havforskingsinstituttet sine store styrker er dei lange tidsseriane våre. Desse er avgjerande for rådgjevinga og forskinga vår. Tidsseriane let oss overvake økosystem og bestandar over tid, og følgje eventuelle endringar, seier forskingsdirektør Geir Huse.
– Overvakingsplanen skal sikre at tidsseriane vert vidareførte, samtidig som overvakingsaktivitetane våre er effektive og heiskapelege og svarar på samfunnet sine behov.
Havforskingsinstituttet sin langsiktige overvakingsplan er opent tilgjengeleg her. Planen kjem ut som Rapport fra havforskningen.
Overvakingsseriane er delt inn i seks tematiske pilarar:
Overvakingsplanen skildrar kvar overvakingsaktivitet i pilarane, korleis innsamla data vert nytta, og dessutan kostnad og finansieringskjelde.