Forskar Angelico Madaro var del av årets kamskjelovervaking-team. På feltarbeid tidlegare i år, undersøkte forskarane mellom anna gonadene til stort kamskjel. Kamskjel utviklar gonader frå dei er kring tre år gamle, slik at dei rekker gyte før dei går inn i fiskeriet ved femårs-alderen. Stort kamskjell er ein funksjonell hermafroditt og gonaden består av både egg (oransje) og melke (grågul).
Fotograf: Ellen Sofie Grefsrud / HavforskingsinstituttetPublisert: 07.10.2025
Stort kamskjel likar litt lunk i vatnet. Dei trivst ikkje i område kor dei risikerer for mange kjølige dagar på rad.
Langs norskekysten har dei historisk halde seg frå Skagerrak og nord til Bodø.
Ny forsking viser at grensene for trivselsområde vert flytta nordover.
– Sidan 2011 har små kamskjelbestandar etablert seg heilt nord til Lofoten, seier havforskar Ellen Sofie Grefsrud.
– Vi ser det same i den kommersielle fangstdataen – kamskjela kryp nordover.
Tidlegare i år var forskarane på feltarbeid på Helgelandskysten i Nordland for å undersøke kamskjela i periferien. Sidan 2013 har det føregått kommersiell hausting i området.
– I 2024 vart det hausta like mykje på Helgelandskysten som ved Frøya og Hitra. Det vart hausta rett over 200 tonn kamskjel i begge områda, seier Grefsrud.
Med utgangspunkt i Husvær i Herøy kommune undersøkte forskarane totalt åtte stasjonar i området sør og vest av Dønna.
– Det er viktig å følgje med på utviklinga, seier havforskaren.
– Desse utkantspopulasjonane kan vere betre indikatorar på endringar i ytre påverknad, som til dømes fiskeri og temperaturendringar, enn bestandar som har vore etablert over lenger tid.
I løpet av fire dagar i felt, gjennomførte HI sitt vitskapelege dykkarteam 12 dykk. Dei tel kamskjel og skildrar habitat, og hentar opp biologiske prøver til vidare analyser.
Forskarane undersøker både storleik, modning, alder og årleg tilvekst hos kamskjela.
– Førsteinntrykket var at det var god aldersfordeling. Alle årsklassar var representerte, utanom dei aller yngste – desse er også vanskelege å finne, seier Grefsrud.
Endå temperaturen i vatnet berre var kring 7,5-8,0 oC då feltarbeidet føregjekk i mai, var gytinga godt i gang. Egg og larvar krev likevel at gradestokken kryp opp til minst 10-12 oC og held seg der i fire vekes tid for at dei skal overleve og slå seg til ro.
– Bestandane i dette området ser ut til å vekse og sakte spreie seg nordover. Vi går ut frå at høgare temperatur i sjøen kombinert med at kamskjela over tid har tilpassa seg vatn som er nokre grader lågare enn idealtempen, er viktige faktorar for nyetableringa, seier Grefsrud.
Sidan stort kamskjel ikkje likar det for kaldt, har ein gått ut frå at deira nordlege ekspansjon også har ei naturleg grense.
– Men over dei siste 15 åra har temperaturane langs kysten auka med omtrent 1 grad. Dette høyrest ikkje så mykje ut, men det har ført til at talet vinterdagar med temperatur under 4 grader er redusert, seier Grefsrud.
Ved vår faste stasjon utanfor Skrova, i Lofoten, hadde ein tidlegare tre månadar med slike kalde vinterdagar i løpet av eit år. No er det éin månad.
– Dette nordlege skiftet til kamskjela føregår på same tid som vi observerer varmare vatn. Vi trur difor stigande temperatur i havet er hovudgrunnen til kamskjela si ekspansjonsendring.