Perlesnormanet (Apolemia sp.) er ei kolonimanet som dannar lange kjeder. Individa har kolonien har forskjellige oppgåver: nokre fangar mat, andre beskyttar kolonien og nokre tek seg av formering.
Fotograf: Erling Svensen / HavforskingsinstituttetPublisert: 13.10.2025
– Perlesnormaneta har vorte observert i Troms og Vest-Finnmark, men det er færre observasjonar til no enn på same tidspunkt i fjor og året før, seier havforskar Tone Falkenhaug.
Kolonimaneta har ei sterk neslegift som kan skade fisk – noko ho gjorde både i 2024 og i 2023.
I 2023 førte masseførekomst av maneta truleg til at 3 millionar oppdrettsfisk døydde, synte Havforskingsinstituttet sin risikorapport.
Då var det over 20 år sidan sist perlesnormaneta (Apolemia sp.) førekom i store mengder og hadde alvorlege følgjer for oppdrettsnæringa langs norskekysten.
Data frå folkeforskingsplattforma vår Dugnad for havet syner ein tydeleg Apolemia-sesong langs kysten.
– Denne varer frå september og ut januar, med ei topp i november. Dette mønsteret ser vi att kvart år etter vi først byrja ta i mot observasjonar i 2019, seier Falkenhaug.
Sidan då er maneta meldt inn over 2000 gongar langs kysten, med ein topp i 2023.
Kor maneta kjem frå og kvifor førekomsten har teke seg opp dei siste åra, er framleis eit mysterium. Det er eitt av dei forskarane i Jellysafe prøvar å finne svar på.
Ein av hypotesene er at perlesnormaneta kjem med innstrøyming av atlantiske vatn.
– Det er fleire faktorar som tyder på at maneta vert transportert inn til norskekysten, seier Falkenhaug.
Sidan sesongane er like frå år til år, er HI-kollega Jon Albretsen i gang med å modellere seg bakover i tid.
Frå observasjonane veit vi kor og når maneta ende opp, og om vi kombinerer denne kunnskapen med oseanografiske straummodellar frå Nord-Atlanteren og norskekysten, kan vi potensielt finne kor ho starta.
Til no har havforskarane modellert drivbanene til partiklar sleppte ut i Nord-Atlanterhavet på fleire djup frå overflata og ned til 150 meter. Sidan vi ikkje kjenner til kor manetene er i Nord-Atlanteren til kva tid, vert dei fiktive manet-partiklane sleppte ut i heile havområdet med eit par dagars mellomrom.
– Førebelse resultat stadfester at perlesnormaneta driv med Atlanterhavsvatn og hovudsakeleg kjem inn i norske farvatn via Færøyrenna, seier Falkenhaug.
– Dei fleste fiktive manetpartiklane matchar observasjonane langs norskekysten, om dei startar si reise vest for Skottland i februar og mars inneverande år.
Det som framleis vil vere eit mysterium er kva reise dei har hatt tidlegare enn dette, sidan perlesnormaneta ikkje er knytt til havbotnen, men driv rundt med straumane.
Modelleringsarbeidet styrkar i alle fall hypotesen om at atlantisk innstrøyming er transportruta til maneta.