Forskarane har gått gjennom tidsserien på skreibestanden på nytt.
Fotograf: Erling Svensen / HavforskningsinstituttetPublisert: 22.10.2025
Hypotesen om at skreien har vorte gradvis tidlegare kjønnsmoden har hatt fotfeste i mange år. Hardt fiskepress etter andre verdskrig har vore peika på som drivaren for den påståtte endringa.
Ny forsking frå Havforskingsinstituttet (HI) svekker denne teorien.
– Studien vår syner at den observerte endringa i pubertetsalder i stor grad kan verte forklart med metodeendring, ikkje biologiske endringar hos skreien, seier havforskar Olav Sigurd Kjesbu.
Han er førsteforfattar på studien, som er publisert i tidsskriftet Progress in Oceanography.
Det er for torsken som med menneske – ikkje alle kjem i puberteten på same tid.
Men forskarane kan rekne ut ein median-alder, kor gammal er torsken når minst 50 prosent har vorte kjønnsmodne.
No – og sidan tidleg 80-tal – er denne alderen 6 til 7 år for nordaustarktisk torsk. Men i dei historiske data etter andre verdskrig og framover har denne alderen vore estimert til 10 til 11 år.
Det har altså tilsynelatande vore ein kraftig nedgang i pubertetsalder.
Eit tilsvarande fall er også rapportert hos nordsjøtorsk og Newfoundlandtorsk.
Ein omfattande gjennomgang av tidsserien gjev ei ny forklaring på dei observerte historiske endringane.
Modningskurven syner to kraftige aldersfall – eitt tidleg på 60-talet og eitt i 1981.
– Endringa på 60-talet fell saman med då samarbeidet med sovjetiske forskarar starta, og fallet i 1981 med oppdatert toktdesign, seier Kjesbu.
– Metodeendringane desse to hendingane innebar – som kor mange tokt som vart gjennomførte kvart år, kor lenge desse varte og korleis ein tok prøver av fisken og analyserte desse – forklarar i stor grad det registrerte fallet i pubertetsalder.
Med andre ord: pubertetsalderen har ikkje vesentleg forandra seg. Skreien vert ikkje kjønnsmoden mykje tidlegare enn før – metodane har i staden vorte mykje meir presise.
For nordsjøtorsk er mønsteret parallelt: Tidsserien syner eit modningsfall i 1991, same året som havforskarane gjekk frå eitt tokt i året til to.
– Data frå økosystemtoktet i kombinasjon med data frå vintertoktet og skreitoktet stadfestar at torsken modnar tidlegare enn det den historiske tidsserien spegla.
I dei historiske data frå 1945 til 1981 er altså alder ved modning mest sannsynleg sett for høgt, og yngre, modnande torsk er under-representerte i den rapporterte gytebestanden.
Gytebestanden etter krigen var høgare enn det ein tidlegare rekna med, noko som òg betyr at rekrutteringssuksessen var lågare enn antatt.
Eit mål på rekrutteringssuksessen til ein bestand er nemleg forholdet mellom talet foreldrefisk og yngel som veks opp.
– Det var fleire fisk som gytte, og skreien var difor mindre produktiv enn det vi har gått ut frå, seier Kjesbu.
– Dette er eit viktig varsku, seier forskingsdirektør Geir Huse om dei nye resultata.
Han peikar på tidlegare forsking frå HI som syner at skreien også har hatt dårleg rekrutteringssuksess sidan 2010 – han er på eit historisk botnnivå.
Det er færre og færre ungdomar i skreibestanden.
– Lite påfyll av ny fisk og låg produktivitet i skreibestanden er ein uhyre dårleg kombinasjon. Bestanden er sårbar, seier Huse.
Sidan den historiske gytebestanden var høgare enn ein tidlegare har rekna med, kan også det kritiske nivået (Blim) for denne bestanden vere noko høgare enn ein tidlegare har rekna med.
Dette er viktig å ta med seg i dagens situasjon, der gytebestanden er låg.
– Om vi skal ha ein robust skreibestand og eit berekraftig fiske også i framtida, må vi ta grep i dag. Vi må snu trenden no, understreker forskingsdirektør Geir Huse.