Alf Holmaas Helland er opptatt av at dersom du må avlive eit dyr, skal det skje så effektivt som mogleg.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HavforskningsinstituttetUndervannsdronen har ettermontert lasersikte og harpun med "lupara", som har mange likheitstrekk med ei avsagd hagle.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HavforskningsinstituttetOperatøren (Alf) får opplevinga i fullskjerm via VR-briller. I hendene har han heile styringa.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HavforskningsinstituttetNo gjer børsemakaren siste finpuss på mekanismane før levandelagringstokt.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet– Eg kastar aldri ei tannbørste – dei har eg god bruk for, seier Alf Holmaas Helland.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HavforskningsinstituttetOgså ammunisjonen til størje-dronen blir utvikla frå scratch. Her litt inspirasjon.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HavforskningsinstituttetAvfyringsmekanismen på raketten testar børsemakaren i hagen (utan prosjektil i patronen). Harpunen testar han i fjorden.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HavforskningsinstituttetPublisert: 11.09.2025
– Det er ikkje berre berre å avlive ei makrellstørje på 400 kilo. I alle fall ikkje om du skal bevare kjøtkvaliteten. Her kjem spesialdrona inn i bildet, forklarer børsemakar Alf Holmaas Helland frå verkstaden sin i Masfjorden.
Først eit superkjapt tilbakeblikk:
På denne tida i 2023 fekk havforskarar og fiskebåten "Vestbris" eit gjennombrot. Dei greidde å fange over 20 makrellstørjer levande, og taue dei til land i ein spesialdesigna transportmerd.
Målet er å få premiumkvalitet og -pris på størja. Det er vanskeleg i dagens notfiske der kjempefiskane blir trengd i nota mens fiskarane jobbar så raskt dei kan. (Les også: Makrellstørje er ikkje lett å fiske – havforskarane vil hjelpe)
No er det dags for å gjenta levandelagringsforsøket – og ta det eit steg lengre. Kontrollert presisjons-avliving.
– Drona er utstyrt med lasersikte og harpun. På harpunen sit eit stridshovud som skal treffe makrellstørja i "tinninga", forklarer børsemakar Holmaas.
– Då går det av ein ladning som presser eit prosjektil gjennom panseret i skallen til kjempefisken, og vidare inn i hjernen, som er på storleik med ein liten knyttneve, fortset han.
Målet er same velferd og effektivitet som i ei slaktemaske på slaktehuset.
Makrellstørja skal døy momentant, utan mjølkesyre i musklane, og "på bestilling" – til dømes utanom fiskesesongen.
I Middelhavet har dei lenge brukt såkalla "lupara" for å avlive levandelagra makrellstørjer.
Det er same prinsipp, berre at ladningen er montert på tuppen av ei lang stong. Ho blir halden av ein dykkar.
– Lupara er verken våpen eller fiskereiskap. Derfor er det særs vanskeleg å få importert slikt utstyr til Norge. Å dykke rundt med ein pinne med sprengladning blant fiskar på 400 kilo, er heller ikkje noko Arbeidstilsynet ser særleg lyst på. Trykkbølgene frå samanstøyten er også ei påkjenning for dykkarane, fortel Helland.
Børsemakaren meinte det kunne gjerast betre og tryggare, og laga derfor avlivingsdronen som ein prototype. Han ser føre seg eit større bruksområde.
– Stadig oftare trenger makrellstørjer inn i laksemerdar langs kysten. For å få tak i størja, må oppdrettarane trekke opp nota delvis – som stressar laksen. Det vere langt enklare å gå ned med drone, sikte seg inn og fyre av ein velretta salve, seier Helland.
Han gjer no dei siste justeringane på dronen, før han blir med for å prøve den ut på nytt tokt med Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet og fiskarane på "Vestbris".
– Vi toppar verkeleg laget i år, og er glade for å ha med oss børsemakar Alf. Han har ein fantastisk energi og fagkunnskap, seier prosjektleiar Manu Sistiaga ved HI.
Sistiaga er spent før årets forsøk, men har trua.
– Vi har gjort oss mange erfaringar, særleg i 2023. Vi har dyktige fiskarar og ein god design og metode for overføring frå fangstnota til transportmerd og tauing til land.
Nytt i år blir overføring til ei meir permanent oppsamlingsmerd ved land, hos Firda Seafood på Byrknesøy.
Etter forhåpentleg vellykka avliving i ro og mak, vil forskarane sikre seg prøver av kjøt og blod. Deretter blir fisken slakta og omsett på marknaden. Det er Vestbris som eig fisken.
– Vi har ein veldig god rigg, og alle er supergira på å lykkast med dette. Det er heilt essensielt for framtida til det norske makrellstørjefiske, seier Sistiaga.
Toktet startar mid september. Vi kjem tilbake med meir.