Rein-Arne Golf har tatt med seg breiflabbane opp til tunet for ein grundig obduksjon (Foto: Kyrre Fitje / Sogn Avis, etter avtale). Breiflabbane blei funne i fjøra på Kaupanger (Foto: Rein-Arne Golf / Statens naturoppsyn).
Publisert: 01.04.2026
Statens Naturoppsyns mann i Sogn, Rein-Arne Golf, undersøker to breiflabbar som stranda på Kaupanger, 25 februar.
(Det var Sogn Avis som først fortalde om funnet.)
Vi har å gjere med ein hann og ei hoe.
Alt tyder på at det har vore elskov involvert, då hoa vart funnen utgytt i fjøra saman med eit fleire meter langt eggband.
Havforskar Kjell Nedreaas kjenner godt til dette tilsynelatande særnorske fenomenet med stranda breiflabbar. Men han står utan oppklaring i saka.
– Hemningslaus gyting i blinde med fatale følger er éin av teoriane vi utforskar, seier (etter)forskar Nedreaas.
Han vil berømme Statens naturoppsyn for rask og grundig obduksjon, og ekspresslevering av prøver frå kjøt, nyrer og lever til hurtigbåten i Sogndal, med overlevering til forskingsteknikar Viggo på Strandkaiterminalen same kveld.
Prøvene ligg no på frys i ein kjellar på Nordnes i Bergen, i påvente av miljøgiftanalyser.
Publikum kan hjelpe med å løyse gåta om dei stranda breiflabbane ved å melde liknande funn i vår folkeforskingsportal Dugnad for havet.
– Tidleg vår er høgsesong for observasjonar av stranda breiflabb, og i påska veit vi at mange er ute og nyter livet i fjøra, seier Nedreaas.
– Vi set pris på alle tips og spor som kan hjelpe oss å oppklare saka, avsluttar (etter)forskaren.