Kvar måndag tek vi vassprøver og håvtrekk på forskingsstasjonen i Flødevigen, utanfor Arendal. Også på torsdagar tek vi vassprøver. Slik har vi to prøvedatoar kvar veke heile året.
Fotograf: Mona Ring Kleiven / HavforskingsinstituttetPublisert: 12.02.2026
Eit ferskt håvtrekk frå bryggekanten ved forskingsstasjonen vår i Flødevigen, syner nemleg at våroppblomstringa har starta.
Våroppblomstringa er når «havets gras» – planteplanktonet – byrjar å auke dramatisk.
No er det kisealgane som dominerer.
Slik ser algane ut under mikroskop. Dette er slektene Thalassiosira, Thalassionema, Skeletonema og Chaetoceros:
Sjølv om det er 7,5 minusgrader i Flødevigen, legg det ikkje ein dempar på oppblomstringa under vasskorpa. Planteplanktonet bryr seg ikkje om temperaturen. Men tre andre faktorar må ligge til rette:
Tidspunktet der alle disse forholda samanfell, vil variere mellom åra og mellom ulike område langs kysten.
– I år har særleg stabilt vêr over ei lenger periode gjeve gode vekstkår for planktonet, seier forskingsteknikar Mona Ring Kleiven.
Som oftast skjer det i februar-mars i Skagerrak og på Vestlandet. I Midt-Noreg litt seinare, som oftast i løpet av mars og i Nord-Noreg i april.