I 2025 vart det rekordauke i mengde oppdrettsfisk i sjøen.
Fotograf: Eivind Senneset, Christine Fagerbakke / HavforskningsinstituttetPublisert: 11.02.2026
Villaksen på Vestlandet (PO3-4) er spesielt utsett, her har det vore høgt smittepress frå lakselus i mange år. For sjøauren er situasjonen endå meir alvorleg, den blir negativt påverka av lus i nesten heile landet (PO2-10).
Dette kjem fram i Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2026.
I rapporten er dyrevelferd og negative effektar av lakselus på villfisk trekt fram som dei to største utfordringane til næringa.
– Høg vasstemperatur, meir fisk i sjøen og hyppigare avlusing har forverra situasjonen dei siste åra, seier Mari Myksvoll.
I fjor vart det også rekordauke i mengde oppdrettsfisk i sjøen.
– Då vi gjekk gjennom tala over produsert oppdrettsfisk dei siste åra, såg vi ein kraftig auke i produksjonen frå 2024 til 2025 på heile 200 000 tonn, seier Myksvoll og legg til at det meste av dette er oppdrettslaks.
Auken har skjedd sjølv om det i snitt har stått færre fisk i sjø i 2025 enn i 2024. Det tydar på at oppdretterane har utnytta produksjonskapasiteten meir effektivt enn tidlegare.
Ifølgje Myksvoll er fjorårets auke den største sidan styresmaktene begynte å føre statistikk over dette i 1980.
– Auken skjer til trass for at styresmaktene i fleire område har pålagt oppdretterane å redusere produksjonen av laks som følge av høge lusenivå på villfisken, seier ho, men vektlegg at den også skjer innanfor eksisterande regelverk og produksjonsløyve.
Vekst og reduksjon i oppdrettsnæringa blir styrt av Trafikklyssystemet der styresmaktene delar landet inn i raude, gule og grøne soner. Rødt betyr redusert produksjon, gul er uendra og grøn gir sjanse for vekst. Trafikklyssystemet blei innført i 2017.
Hovudmålet med systemet er å bidra til berekraftig vekst i næringa. Ein konsekvens av det, er at dersom det vert for mykje lus, så skal produksjonen reduserast. I fleire område er det gitt slike pålegg.
– Vi ser no at produksjonen ikkje er redusert slik som forutsetninga var, tvert imot aukar den. Dette er med på å forklare kvifor Trafikklyset ikkje har den positive effekta på villaksen som ein i utgangspunktet forventa, seier Myksvoll.
I tillegg ga dei varme somrane og haustane i 2024 og 2025 svært høge utslepp av lakselus. Det førte til auke i lusepåslag, spesielt for sjøauren og sjørøya som oppheld seg i sjøen over lengre tid enn laksesmolten som er på veg mot oppvekstområda i havet.
– Lusa er ein parasitt som kan feste seg på laksefisk. Fisken kan få sår, og i verste fall døyr den.
Det er registrert auke i produksjonen i alle produksjonsområda etter at Trafikklyssystemet blei innført i 2017, med unntak av PO1. Men det som var overraskande for forskarane, var veksten som er observert i produksjonsområda som dekker store delar av Vestlandet og Nord-Vestlandet: PO 3, 4 og 5 .
– Desse tre områda har sidan 2018 hatt fleire år der næringa enten ikkje har fått lov til å vekse, eller produksjonskapasiteten skulle ha blitt redusert. No ser vi at produksjonen av matfisk ikkje har blitt redusert, den har tvert imot auka, seier Myksvoll.
Auken i dei tre områda er:
At det er først i år denne trenden har blitt lagt merke til, skuldast mellom anna tida det tar å produsere oppdrettslaks.
– Vi ser at statistikken speglar ein syklus på omtrent to år. Det stemmer med at fisken blir sett ut i sjøen eine året og slakta det neste, seier Myksvoll.
Trenden i produksjonstala bekreftar også tidlegare resultat ved Havforskingsinstituttet.
– Mengda lus i dei ulike områda har til dels halde seg stabil, til trass for tiltaka som styresmaktene har gjort gjennom Trafikklyssystemet.
– Vi har ant at det må vere ei bakanforliggande forklaring på at luseproduksjonen ikkje er redusert, og trur produksjonsauken er ein viktig årsak.
Produksjonsauken heng truleg saman med korleis trafikklyssystemet er bygd opp.
– Alle oppdretterane har ei grense for kor mykje fisk dei kan ha i anlegget. Dette blir kalla maksimal tillatt biomasse, ofte omtala som MTB, forklarar Myksvoll.
Det er MTB’en som blir redusert hos kvar enkelt oppdrettar når påverknaden av lakselus på villaks er så stor at eit produksjonsområde kjem over grensa slik at dei vert pålagt reduksjon i produksjonen.
Til trass for at Myksvoll hadde sett for seg at produksjonen i dei tre Vestlands-områda skulle ha blitt lågare, er ho klar på at oppdretterane ikkje har gjort noko ulovleg.
– I Trafikklyssystemet er det til dømes reglar som opnar for vekst for nokre oppdrettarar med veldig lave lusetal sjølv om andre oppdrettarar i same område får pålegg om reduksjon, seier ho.
I tillegg kjem naturlege påverknadar i form av til dømes maneter og algar som det var lite av i fjor, samanlikna med åra før. Dermed er det fleire fiskar som overlever fram til dei er slakteklare. Oppdretterane kan også ha gjort endringar i drifta slik at dei klarar å utnytte meir av produksjonsløyvet sitt enn tidlegare.
E.S. Grefsrud, m.fl., Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2026 — Produksjonsdødelighet hos oppdrettsfisk og miljøeffekter av norsk fiskeoppdrett. Rapport fra havforskningen 2026-10.