Varmare vatn kjem inn i Barentshavet via Barentshavsopninga mellom fastlands-Noreg og Bjørnøya. Denne tilførsla av atlantisk vatn er del av fenomenet forskarane kallar «atlantifisering».
Fotograf: Monika Sæle / HavforskningsinstituttetPublisert: 12.01.2026
Dei siste 40 åra har mengda saltvatn som fossar inn frå det varmare Atlanterhavet til det arktiske Barentshavet auka jamt og trutt.
Men forskarane har ikkje kunna forklare kvifor, endå hypotesane har florert.
No gjev heilt fersk forsking eit mogeleg svar:
– Det handlar om frekvensar, seier oseanograf Robinson Hordoir.
– Det handlar ikkje om vindstyrke, som ein gjerne kan tru. Det er kor ofte lågtrykka passerer Dei nordiske hav.
Funna er publiserte i det internasjonalt anerkjende tidsskriftet Nature Climate Change.
Atlantisk vatn vert transportert mot Arktis gjennom to hovudårer – gjennom Framstredet vest av Svalbard og gjennom den såkalla Barentshavsopninga mellom fastlands-Noreg og Bjørnøya.
Den ferske studien forklarar innstrøymingsauken gjennom Barentshavsopninga ved å kombinere tradisjonell havmodellering og kunstig intelligens.
Dette har lete havforskarane granske samanhengar mellom data frå hav og atmosfære kvar time over 40 år.
Forskarane har avdekt korleis endringa i kor ofte lågtrykk passerer Norskehavet, Islandshavet og Grønlandshavet har svekka ein naturleg barriere i havet.
– Lågtrykk frå sørvest passerer over Dei nordiske hav i ein jamn straum og gjev opphav til Rossbybølger i havet. Desse bølgjene ber med seg energi og breier seg etter botndjupet, forklarar oseanografen.
Sjølv om Rossbybølgjene slår fram og tilbake, set dei opp reststraumar – som til dømes ut gjennom det nordlege Barentshavsopninga:
– Dette bremsar kor mykje atlantisk vatn som strøymer inn, seier Hordoir og held fram:
– Men denne reststraumen vert svekka som følgje av endra periode på lågtrykkspassasjar.
Studien viser at havstraumen gjennom Barentshavsopninga er følsam for sjølv små vêrskifte.
– Vi påviser ein samanheng mellom frekvensen i lågtrykka over Norskehavet, Islandshavet og Grønlandshavet og innstrøyminga av vatn, seier havforskar Hordoir.
Særleg den nordlege delen av Barentshavsopninga vert påverka.
– Funna tyder på menneskeleg påverknad på atmosfæren som gjev opphav til langtidstrendar, endrar prosessane i havet. Ringverknadane spreier seg vidare til sjøisen og økosystema i Arktis, avsluttar Hordoir.