– Å omsetje kunnskap til nyttige tenester er eit sentralt satsingsområde for HI i 2026, seier havforskingsdirektøren.
Publisert: 05.01.2026 Oppdatert: 06.01.2026
Sjøen langs norskekysten har aldri vore varmare enn i 2025. HI-målingar – med tidsseriar tilbake til 1930-talet – viser rekordtemperaturar både i overflata og i djupet.
– Dette viser at klimaendringane skjer her og no, langs kysten vår, i fjordane våre og i havområde som er viktige for natur, næringar og kystsamfunn i Noreg. Oppvarminga endrar vilkåra for livet i havet og formar nye rammer for økosystema langs kysten, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
2025 kom òg med ein annan rekord: Verdien av norsk sjømateksport har aldri vore høgare.
– Det er viktig at vi ser desse rekordane i samanheng. Skal vi vidareutvikla verdiskapinga frå havet, må vi forstå kva som skjer der ute. Kunnskap om klima og om samspelet mellom menneske og natur er ein føresetnad for berekraftig fiskeri og havbruk, seier Kvamstø.
For HI er det sentralt å dokumentera endringar over tid og byggja ny kunnskap basert på lange, samanhengande dataseriar.
– Skal vi forstå kva eit varmare hav betyr for kysten og fjordane, må vi måla systematisk for å kunna skilja mellom naturleg variasjon og varige endringar i havmiljøet, seier han.
Havforskingsdirektøren varslar no enda større trykk på utvikling av tenester som gjer forskinga tilgjengeleg og nyttig for samfunnet.
– Vi skal ikkje berre levera rapportar og kunnskapsgrunnlag, men utvikla verktøy som kan brukast av forvalting, næringar og dei som utformar politikken. Brukarvennlegheit og tilgjengelegheit er heilt sentralt for at tenestene våre skal skapa verdi, seier han.
HI leverer allereie ei rekke tenester til oppdrett, havbruk og fiskeri, mellom anna varsling av maneter og algar og berekning av spreiing av lakselus. Havforskarane har utvikla svært avanserte havvarsel for kysten, og no står eit nytt verktøy for tur: Havtrykk.
– Havtrykk skal gi eit samla bilete av belastinga på økosystema langs kysten, både frå menneskeleg aktivitet og frå klimaendringar. Ein slik teneste gir betre svar på korleis ny aktivitet vil påverka konkrete leveområde for ulike kystnære artar, og grunnlaget for heilskaplege vurderingar vert styrka, seier Kvamstø.
Kvamstø strekar under at det er viktig ikkje berre å dokumentera klimaendringane, men òg å forstå kva mekanismar som styrer dei.
– Forstår vi årsakssamanhengane, kan vi òg føreseia vidare utvikling, noko som vil ha svært stor verdi for samfunnet, seier han.
Å forstå mekanismane er òg viktig for å kunna forklara og føreseia lokale effektar av klimaendringane:
– Vi blir til dømes meir og meir klar over at fjordane våre har ulike mikroklima der endringane slår inn på ulikt vis.
Kvamstø peikar på at oppvarminga verkar inn på mange delar av økosystemet samtidig – frå plankton og tang og tare til fisk og andre marine artar:
– Når temperatur, næringstilgang og oksygennivå endrar seg, påverkar det heile næringsnettet. Derfor må vi i aukande grad sjå på samanhengar, ikkje enkeltartar isolert.
Han fortel at HI i aukande grad vil bevega seg frå råd baserte på vurderingar av enkelbestandar til vurderingar av økosystem som heilskap.
Eit varmare kysthav forsterkar behovet for å ta i bruk fleire verkemiddel.
– Det handlar om alt frå meir presis fangstteknologi, som gjer oss tryggare på at vi tek om bord rett fangst, til marint vern og ei vidare dreiing mot økosystembasert forvalting. Dette er særleg viktig for kyst- og fjordøkosystem, som er svært sårbare, seier Kvamstø.
Han viser til at ny genforsking har endra forståinga av kor sårbare fleire av dei kystnære fiskebestandane våre er for lokalt fiske.
– Nye analyser viser at det finst ganske små og isolerte bestandar av fleire artar. Det heng saman med at Noreg har ein kyst der skjergard, bukter, tersklar og fjordar skapar barrierar for havstraumane og hindrar spreiing av fiskeegg, forklarar Kvamstø.
Havforskingsdirektøren minner om kor mykje kysten betyr for Noreg:
– Fjordane og kysten har vore transportvegen og matfatet vårt i generasjonar, og kystkulturen er ein del av DNA-et vårt. Å forstå kva som skjer i havet no, er å ta ansvar for framtida langs kysten. Det handlar både om miljøet og om kva vi skal leva av framover.
– Vi skal vera tett på utviklinga, styrka kunnskapsgrunnlaget og bidra til at samfunnet er best mogleg rusta til å møta endringane, avsluttar Kvamstø.