Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Raudspette i Nordsjøen


rodspette foto ingunn bakketeig

Tilrådd kvote 2013: 97 070 tonn landinger
Tilrådd kvote 2012: 84 410 tonn landinger
Avtalt kvote 2012: 84 410 tonn landinger

Samandrag av tilrådinga frå  ICES i juni 2012 for raudspette i Nordsjøen:

Status

Bestanden har full reproduksjonsevne og vert hausta berekraftig. Bestanden er godt innafor føre-var grensene og har nådd det høgste nivået som er registrert. Rekrutteringa har vore om lag som langtismiddelet sidan 2007. Fiskedødsraten er estimert til å vere historisk lav.

Haustingsregel

EU har en haustingsregel som ikke er formelt godkjent av Noreg. Ein førebels plan ligg til grunn for råda.  ICES har evaluert den førebelse planen til å vere føre-var.

Forvaltingsråd

Dersom ein legg den fleirårige EU planen til grunn vil ein for 2013 kunne ha totale landingar på 97 070 tonn, noko som er ein auke på 15 % frå 2012. Ein reknar då med eit utkast på 53 000 tonn, og altså totale fangstar på om lag 151 000 tonn. Dette vil gje ein gytebiomasse på 665 000 tonn i 2014. Berekningar gjort på bakgrunn av blandingsfiskeria i Nordsjøen viser ei rekke tenkte effektar av forvaltinga av torsk (som avgrensande art) og viser mellom anna at ei full implementering av forvaltningsplanen for torsk bør gje landingar av raudspette i 2013 kring 52 000 tonn.
Føre-var-tilnærmingen gir rom for konsumlandinger helt opp til 155 500 tonn i 2012. En omlegging mot maksimering av langtidsutbytte tilsier 74 000 tonn konsumlandinger og et utkast på 47 200 tonn.

Kommentar frå Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå  ICES.

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim) = 160 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa) = 230 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim) = 0,74
Føre-var- fiskedødsrate (Fpa) = 0,60
Venta fiskedødsrate i 2012: F = 0,23
Venta gytebestand i 2013: 628 143 tonn

Fangst og fiskedødelighet

Rekruttering og gytebiomasse