Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Lodde i Barentshavet


lodde barentshavet

Samandrag av ICES-tilrådinga (oktober 2013): 
Tilrådd kvote 2014: 15 000 tonn
Tilrådd kvote 2013: 200 000 tonn
Tilrådd kvote 2012: 320 000 tonn
Tilrådd kvote 2011: 380 000 tonn
Tilrådd kvote 2010: 360 000 tonn

Avtalt kvote for 2014 vert fastsett av den Norsk-Russiske Fiskerikommisjonens møte 7. til 11. oktober. Den avtalte kvoten var i åra 2010–2013 den same som den tilrådde kvoten. Fangsten har vore noko lågare enn kvoten i alle åra, fordi Russland ikkje har fiska heile kvoten sin.

Status

Loddebestanden i Barentshavet vart mengdemålt i september 2013 til å vere 3,8 millionar tonn, og av dette utgjorde den modnande delen 1,3 millionar tonn. Bestanden er vurdert til å ha full reproduksjonsevne. Det har vore ein svak oppgang i totalbestanden sidan hausten 2012, men ein kraftig nedgang i den modnande delen.
Gytebestanden i 2014 vil i hovudsak bestå av 2010-årsklassen, og deler av 2011-årsklassen. Resultata frå 0-gruppeundersøkingane i 2013 viser at 2013-årsklassen på yngelstadiet er av gjennomsnittleg storleik.
Bestanden har vore svært stabil sidan 2008, og har tolt trykket frå rekordstore torske- og hysebestandar. Den tilrådde kvoten for 2014 er langt lågare enn den tilrådde kvoten for 2013. Det heng saman med at den modnande bestanden er langt mindre, og det er berre denne delen av bestanden ein fiskar på. At den umodne delen av bestanden no er større enn på lenge, samstundes med at den modnande delen er mindre, skuldast ein nedgang i veksten hos lodda, som både gir seg utslag i at langt færre individ har nådd ei lengde der modninga startar, og at desse individa har lågare gjennomsnittleg vekt.

Forvaltingsråd

Den vedtekne haustingsregelen inneber ein fangst på 15 000 tonn våren 2014.
Gytebestanden for 2014 er rekna å verta om lag 375 000 tonn. Grunnen til nedgangen frå 1,3 millionar tonn til venta gytebestand, er venta beiting av ein stor torskebestand og fisket.

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå ICES.

Haustingsregel

Den norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok under sin 31. sesjon hausten 2002 ein haustingsregel som medfører at fisket skal regulerast slik at biomassen som får lov til å gyte, skal ha 95 % sjanse for å vere over ei nedre grense (Blim). Denne grenseverdien er sett til 200 000 tonn, som er noko meir enn den lågaste gytebestanden (1989) som har produsert ein svært god årsklasse.
I perioden 1984–2012 har  torskens årlege konsum av lodde variert mellom 0,2 og 4,1 millionar tonn. Ungsild et loddelarver, og ein meiner at den relativt store ungsildbestanden i Barentshavet i periodane 1984–1986, 1992–1994, og frå 2000 var viktigaste årsaka til dei dårlege loddeårsklassene i dei same periodane. I 2014 er det venta ein del ungsild i Barentshavet, sidan det vart funne meir sildeyngel i Barentshavet i 2013 enn det har vore dei siste åra. Dersom denne yngelen skulle få god overleving, og om det skulle koma fleire årsklassar på rad med sild i Barentshavet, så kan det etter kvart ventast dårlegare rekrutteringsforhold  for lodda enn det har vore i perioden etter 2006.

Viktige tal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): ikkje bestemt
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa):  ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): ikkje relevant
Venta gytebestand 2014 ved ein fangst på 15 000 tonn våren 2013: ca. 375 000 tonn