Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Lodde i Barentshavet


lodde barentshavet

Tilrådd kvote 2015: 6 000 tonn
Tilrådd kvote 2014: 65 000 tonn
Tilrådd kvote 2013: 200 000 tonn
Tilrådd kvote 2012: 320 000 tonn
Tilrådd kvote 2011: 380 000 tonn

Avtalt kvote for 2015 vert fastsett av den Norsk-Russiske Fiskerikommisjonens møte 7. til 11. oktober. Den avtalte kvoten var i åra 2011–2014 den same som den tilrådde kvoten.

Status

Loddebestanden i Barentshavet vart mengdemålt i september 2014 til å vere 1,95 millionar tonn, og av dette utgjorde den modnande delen 0,87 millionar tonn. På grunn av vanskelege isforhold var ikkje dekninga av bestanden fullstendig, og deler av loddebestanden var truleg utilgjengeleg for mengdemåling. Etter korreksjon for manglande områdedekning blei den modnande bestanden rekna til å utgjera 1,45 millionar tonn. Gytebestanden i 2015 vil i hovudsak bestå av 2011- og 2012-årsklassen. 2011-årsklassen er rekna å vera over langtidsmiddelet basert på toktet frå 2013, mens 2013-årsklassen var under langtidsmiddelet basert på toktet i 2014.  Resultata frå 0-gruppeundersøkingane i 2014 viser at 2014-årsklassen på yngelstadiet er under langtidsmiddelet og den lågaste sidan 2005.

Forvaltingsråd

Den vedtekne haustingsregelen inneber ein fangst på 6 000 tonn våren 2015, når ein skalerer opp bestanden for å korrigere for manglande dekning av utbreiingsområdet hausten 2014.
Gytebestanden for 2015 er rekna å verta om lag 435 000 tonn.

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå ICES.

Haustingsregel

Den norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok under sin 31. sesjon hausten 2002 at fisket skal regulerast slik at mengda av gytande lodde skal vere over ei nedre grense (Blim) med 95 % sannsyn. Denne grenseverdien er sett til 200 000 tonn, som er noko meir enn den lågaste gytebestanden (1989) som har produsert ein svært god årsklasse.
I perioden 1984–2013 har  torskens årlege konsum av lodde variert mellom 0,2 og 4,3 millionar tonn. Ungsild et loddelarver, og ein meiner at den relativt store ungsildbestanden i Barentshavet i periodane 1984–1986, 1992–1994, og frå 2000 var viktigaste årsaka til dei dårlege loddeårsklassene i dei same periodane. I 2015 er det venta at mengda ungsild i Barentshavet vil vera middels høg.

Viktige tal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): ikkje bestemt
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa):  ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): ikkje relevant
Venta gytebestand 2015 ved ein fangst på 6 000 tonn våren 2015: ca. 435 000 tonn