Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordsjøsild


undervannsbilder sild 1

Tilrådd kvote 2018: 491 355 tonn i direktefisket (517 891 tonn totalt)
Tilrådd kvote 2017: 426 259 tonn
Avtalt kvote 2017: 481 608 tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, frå EU-Noreg si forvaltingsplan, at fangstane i 2018 ikkje overstig 517 891 tonn, derav 491 355 tonn i direktefisket (A-flåten). ICES tilrår, av føre-var omsyn, at aktivitetar som påverkar gyteområda til sild ikkje førekjem, med mindre verknadane har blitt vurdert til ikkje å vere skadelege.

Historisk bestandsutvikling

Gytebiomassen (SSB) har svinga mellom 1,1 og 2,3 millionar tonn i perioden 1997-2016, og heile perioden vore over Bpa. Fiskedødsraten (F) har vore lågare enn FMSY sidan 1996. Sidan 2003 har rekrutteringa vore låg, trass i høg bestandsstorleik. Rekrutteringa i 2014 (2013 årsklassa) var derimot sterk og har bidrege til ei auke i gytebestanden.

Bestandens tilstand

Bestanden er klassifisert til å ha full reproduksjonsevne, og har blitt fiska bærekraftig (2014-2016).

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2018 (tonn) Grunnlag F i 2018 SSB i 2018 (tonn) % endring i SSB* % endring i TAC**
Forvaltingsplan 491 355
(517 891) Forvaltingsplan 0.26 1 892 282 - 6,9 2,0
* SSB i 2018 (haust) samanlikna med SSB i 2017 (haust)
** Tilrådd TAC i 2018 samanlikna med TAC i 2017 (direktefisket

Kvaliteten på bestandsvurdering

Inngangsdata frå prøvetaking og overvakingsprogram vert vurdert til å vere av god kvalitet. Både gytebiomasse og fiskedødsraten vert konsistent estimert mellom år i bestandsvurderinga.
Tidsvarierande naturleg dødsrate (M) vert brukt i bestandsvurderingsmodellen for å ta omsyn til endringar i økosystemet som påverkar bestandsstorleiken til sild. I 2016 blei nye estimat for M avleia frå fleirbestandsvurderingsmodellen for Nordsjøen (ICES 2016). Dette førte i 2016 til ei endring i vår oppfatning av nordsjøsildbestanden og -dødsraten. Referansepunkta blei difor tilpassa tilsvarande.
Auka i SSB i 2016, samanlikna med estimatet frå i fjor, er eit resultat av eit høgare estimat av den sterke 2013-årsklassen. Dette forklarer også auka i tilrådd fangst i forhold til rådet frå i fjor.

Saker relevant for rådet

EU og Noreg sette TAC for 2017 basert på FMSY (oppdatert i 2016) i staden for avtalt forvaltingsplan (EU-Norway 2016). Etter endringa i vår oppfatning av bestanden i 2016, har det vore ein forskjell mellom FMSY (0,33) og målet i forvaltingsplanen (0,26). EU-Noreg si forvaltingsplan vert framleis vurdert som føre-var, og er, som avtalt med klientane, basis for ICES rådgjevinga for denne bestanden.
Ei forvaltingsavgjerd tillét overføring av ein fleksibel prosentdel (opptil 50%) av sildekvota frå ICES Div. 3.a til Nordsjøen. Evalueringar har vist at den avtalte prosedyren for å sette TAC for Div. 3.a (C-flåten) krev ei overføring på minst 10% for å vere føre-var for bestanden av vestleg baltisk sild (WBSS). Overføringa reduserer trykket på WBSS på grunn av den lave delen av denne bestanden i Nordsjøen, men med låg overføringsprosent, kan fiskedødsraten på WBSS verte høgare enn FMSY. Omvendt aukar overføringa presset på nordsjøsildbestanden (NSAS) til over F gitt i EU-Noreg si forvaltingsplan.
I følgje EU si landingsforplikting, som trådde i kraft i 2015, er opptil 9% kvotebytte (interspecies quota transfer) tillate for bestandar som vert vurdert til å vere innafor sikre biologiske grenser (sjå artikkel 15 i EU 2013). Slike kvoteoverføringar blei ikkje vurdert i dette fangstrådet. For å oppnå FMSY-utnytting, bør eventuelle slike overføringar takast omsyn til ved fastsetting av TAC. I 2016 blei det ikkje nytta slike kvoteoverføringar i Nordsjøen (ICES 2017).
NSAS-sild har fleire gytekomponentar, inkludert Downs-silda som gyt i Div. 4.c og 7.d. Desse komponentane vert fiska både i gyteområda og i blanda fiske i det sentrale og nordlege Nordsjøen. Berre Downs-komponenten vert fanga i det sørlege Nordsjøen. Delkvoter har vore gitt til Div. 4.c og 7.d og for det resterande området for å verne desse komponentane; Slike tiltak bør vidareførast. For å sikre den totale produksjonen til bestanden, må alle populasjonar i bestanden vernast i ein langsiktig forvaltingsstrategi.
Aktivitetar som har innverknad på silda sine gyteområde bør ikkje førekomme, med mindre verknadene av aktivitetane er vurderte til ikkje å vere skadelege (ICES 2003, 2015).

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 800 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 1 000 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): 1 500 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,39
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,34
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,33
Avtalt fiskedødsrate i forvaltingsplan (FMGT): 0,26
Venta fiskedødsrate i 2017: 0,26
Venta gytebestand i 2017 (haust): 2 033 511 tonn
Standardplott

Havforskingsinstituttets kommentarar

Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES.

Referansar

EU. 2013. Regulation (EU) No 1380/2013 of the European Parliament and of the Council of 11 December 2013 on the Common Fisheries Policy, amending Council Regulations (EC) No 1954/2003 and (EC) No 1224/2009 and repealing Council Regulations (EC) No 2371/2002 and (EC) No 639/2004 and Council Decision 2004/585/EC. http://eur-lex.europa.eu/legal-content/EN/TXT/?uri=celex:32013R1380.
EU–Norway. 2016. Agreed record of fisheries consultations between Norway and the European Union for 2017, Bergen, 2 December 2016. Accessed 8 May 2017 at
https://www.regjeringen.no/contentassets/d1ae7bd33edc41faa40bafcc64efa4cf/norge-eu-nordsjoen-4-des-2015.pdf
ICES. 2003. Report of the Working Group on Fish Ecology (WGFE), 3–7 March 2003, ICES Headquarters, Copenhagen, Denmark. ICES CM 2003/G:04. 113 pp.
ICES. 2015. Second Interim Report of the Working Group on Maritime Systems (WGMARS), 2–5 December 2014, ICES HQ, Copenhagen, Denmark. ICES CM 2014/SSGSUE:08. 35 pp.9
ICES. 2016. Report of the Working Group on Multispecies Assessment Methods (WGSAM), 9–13 November 2015, Woods Hole, USA. ICES CM 2015/SSGEPI:20. 206 pp.
ICES. 2017. Report of the Herring Assessment Working Group for the Area South of 62°N (HAWG), 16–22 March 2017, ICES Headquarters, Copenhagen, Denmark. ICES CM 2017/ACOM:07.