Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Lodde i Barentshavet


lodde nett

Tilrådd kvote 2018: 205 000 tonn
Tilrådd kvote 2017: 0 tonn
Avtalt kvote 2016: 0 tonn

ICES tilrår at når forvaltingsplanen til den norsk-russiske fiskerikommisjonen vert nytta, kan det fiskast inntil 205 000 tonn lodde i Barentshavet i 2018.

Historisk bestandsutvikling

Den modnande komponenten av bestanden vart i den akustiske dekninga under økosystemtoktet hausten 2017 estimert til 1 723 000 tonn, medan totalbestanden vart estimert til 2 506 000 tonn. Estimatet av 2016-årsklassen målt som eittåringar var under langtidsmiddelet. Gytebestanden er rekna til å verta om lag 462 000 tonn ved gytetidspunktet våren 2017, gitt at uttaket samsvarar med den tilrådde kvoten.

Bestandens tilstand

Gytebestanden i 2018 er venta å vera på eit nivå kor ein kan ta ut den tilrådde kvoten i følgje forvaltingsplanen utan at det medfører redusert reproduktiv kapasitet.

Haustingsregel

Den norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok under sin 31. sesjon hausten 2002 at fisket skal regulerast slik at mengda av gytande lodde skal vere over ei nedre grense (Blim) med 95 % sannsyn. Denne grenseverdien er sett til 200 000 tonn, som er noko meir enn den lågaste gytebestanden (1989) som har produsert ein svært god årsklasse.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga er basert på det årlege akustiske tråltoktet i Barentshavet. Dekninga i 2017 var god, og er vurdert til å inkludere det aller meste av den geografiske utbreiinga til bestanden.

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): ikkje bestemt
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): Ikkje bestemt
Kritisk fiskedødsrate (Flim): Ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): Ikkje relevant
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): Ikkje relevant
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): Ikkje relevant
Venta fiskedødsrate i 2017: Ikkje relevant
Venta gytebestand i 2018 ved 205 000 tonn fangst våren 2018: 462 000 tonn

Standardplott

Standardplott

Havforskingsinstituttets kommentarar

Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES. Kvoten for 2018 vart avtalt under den norsk-russiske fiskerikommisjonens møte i oktober, og kommisjonen følgde kvoterådet frå ICES.