Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordaustarktisk torsk


torsk stim

Tilrådd kvote 2018: 712 000 tonn
Tilrådd kvote 2017: 805 000 tonn (etter at rådet frå ICES kom i juni 2016 vart forvaltningsplanen endra, og den fastsette kvoten på 890 000 tonn var i tråd med den reviderte forvaltingsplanen)
Avtalt kvote 2017: 890 000 tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår at når ein følgjer forvaltingsplanen vedtatt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, skal fangstane i 2018 ikkje overstige 712 000 tonn. Bifangsten av kysttorsk og vanleg uer må haldast så låg som råd er.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden har vore over MSYBtrigger sidan 2002. Gytebestanden nådde toppnivået i 2013 og har avtatt noko dei siste åra. Fiskedødsraten (F) har blitt redusert frå godt over Flim i 1997 til under FMSY i 2008 og i siste år er det truleg at den ligg under FMSY. Det har ikkje vore høg rekruttering etter årsklassene 2004 og 2005.

Bestandens tilstand

Bestanden blir hausta berekraftig og har full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

 

Bakgrunn

Fangst 2018 (tonn)

Grunnlag

F i 2018

SSB i 2019 (tonn)

% endring i SSB*

% endring i TAC**

Forvaltingsplan

712 000

Forvaltingsplan

0,44

1 187 128

- 21

-20

* SSB i 2019 samanlikna med SSB i 2018

**Fangst i 2018 samanlikna med TAC i 2017

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Den viktigaste kjelda til uvisse i bestandsvurderinga i år er mangelfull geografisk dekning under forskingstokta og at det russiske botntråltoktet i oktober-desember ikkje vart gjennomført i 2016. I tillegg er prøvetakinga frå kommersielt fiske på eit for lågt nivå, noko den har vore i fleire år.

Saker relevant for rådet

Kvoterådet for 2018 er avgrensa av klausulen i forvaltingsplanen om maksimalt 20% kvoteendring frå år til år. Utan denne klausulen hadde kvoterådet blitt  701 000 tonn.

Bestandsmodellen er endra frå i fjor. Dette har ført til ei merkbar oppjustering av årsklassene 2007 og tidlegare, medan mengda yngre torsk er nedjustert.

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 220 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 460 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): 460 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,74
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,40
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,40
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,40 (nivået blir auka for høge gytebestandar i følge den nye forvaltingsplanen)
Venta fiskedødsrate i 2017: 0,33
Venta gytebestand i 2018: 1 504 567 tonn

Standardplott

 

Torsketabell.jpg

 

For rekruttering, F og gytebestand viser plotta konfidensintervall (95%). For denne bestanden er FMGT=FMSY og SSBMGT=MSYBtrigger=Bpa, difor fell linjene som represneterre desse punkta saman på figuren.

Havforskingsinstituttets kommentarar

Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES.