Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordaustarktisk sei


sei nordaustarktisk kvoterådbilde
Anbefalt kvote 2019
149 550
tonn
Anbefalt kvote 2018
172 500
tonn
Avtalt kvote 2018
172 500
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med den norske forvaltingsplanen, at fangsten i 2019 ikkje bør overstige 149 550 tonn. Bifangst av kysttorsk og vanleg uer i seifisket i ICES-områda 1 og 2 bør haldast så lågt som råd er.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden har vore over føre-var-grensa Bpa sidan 1996. Den minka kraftig frå 2007 til 2011, men auka så igjen og er no godt over Bpa. Fiskepresset har vore under Fpa sidan 1997, med unnatak av 2010 og 2011. Rekrutteringa har vore rundt langtidsmiddelet etter 2005.

Bestandens tilstand

ICES vurderer bestanden til å vere hausta berekraftig og ha full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn

Fangst 2019 (tonn)

F i 2019

SSB i 2020 (tonn)

% endring i SSB*

% endring i TAC**

% endring i råd***

Forvaltingsplan

149 550

0,309

350 305

-4,8

-13,3

-13,3

* SSB i 2020 samanlikna med SSB i 2019

**Fangst i 2019 samanlikna med TAC i 2018 (172 500 t)

*** Råd for 2019 samanlikna med råd for 2018

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Nivået på prøvetakinga frå fisket gjekk ned rundt 2010, men er noko forbetra i 2016-2017. Det er framleis utfordringar knytt til prøvetaking frå notfisket i nokre område og periodar. Den systematiske feilen i vurderinga av gytebestand og fiskepress som var eit problem dei tre førre åra, synest no å vere retta opp. Framskrivinga av fangstane er avhengige av gjennomsnittleg rekruttering, sidan pålitelege anslag for rekruttering manglar.

Saker relevant for rådet

Bifangsten av vanleg uer i seifisket utgjer ein stor del av den totale fangsten av vanleg uer. Fangsten av vanleg uer burde haldast så låg som råd er på grunn av den dårlege forfatninga denne bestanden er i.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltall

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 136 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 220 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (SSBMGT): 220 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,58
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,32
Venta fiskedødsrate i 2018: 0,34
Venta gytebestand i 2019: 368 000 tonn

Standardplott

Nordaustarktisk sei. Historisk utvikling av fangst, rekruttering, fiskedødsrate og gytebestand. Siste års rekruttering (open søyle) er gjennomsnittleg rekruttering. For rekruttering, fiskedødsrate, og gytebestand er 95% konfidensintervall vist.

Havforskingsinstituttets kommentarar

Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES.