Tema: Sei – nordaustarktisk

HI-006292.jpg

Den nordaustarktiske seien kan bli opptil 130 cm og veie 20 kg. Den har en levealder på opptil 30 år. 

Fotograf: MAREANO / Havforskningsinstituttet

Sei finst berre i Nord-Atlanteren. I den vestlege delen er det ei lita stamme på grensa mellom Canada og USA. Seien i det nordaustlege Atlanterhavet vert delt i seks bestandar med hovudområde vest av Irland, vest av Skottland, ved Færøyane, ved Island, i Nordsjøen og på norskekysten nord for 62˚N.

Merkeforsøk viser at det er vandringar mellom bestandane. Frå Norskekysten kan det vera omfattande utvandring av ungsei frå dei sørlege områda til Nordsjøen og av eldre fisk frå meir nordlege område til Island og Færøyane. Det er få eksempel på innvandring av sei til Norskekysten.

Sei har ein kraftig og muskuløs kropp, og er ein god symjar. Han er lett å kjenne på det svake underbitet og den rette sidelinja. Sei førekjem både pelagisk og som botnfisk, frå 0 til 300 meters djup. Sei opptrer ofte i tette konsentrasjonar og står pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra.

Hovudføda for den yngste seien er raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, medan eldre sei i aukande omfang også beiter på sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel. Seien er ein utprega vandrefisk som dreg på nærings- og gytevandringar. Stor sei følgjer norsk vårgytande sild langt ut i Norskehavet, av og til heilt til Island og Færøyane. 

Dei viktigaste gytefelta er frå vest av Shetland til Tampen, Vikingbanken, og bankane utanfor Møre og Romsdal, Helgeland, Lofoten og Vesterålen. Egg og larver vert førte med straumen og yngelen etablerer seg i strandsona langs kysten frå Vestlandet og nordover til søraustleg del av Barentshavet og vandrar ut i Nordsjøen og til kystbankane lenger nord som 2–4-åring.

Status, råd og fiskeri

Seibestanden nord for 62°N var på eit relativt høgt nivå, historisk sett, frå 2001 til 2007, deretter vart det registrert ein bratt nedgong i både umoden bestand og gytebestand fram til 2011. Sidan har bestanden vore på eit stabilt nivå.

Årsklassane 2002 og 2007 var gode, og 2005- og 2010-årsklassane over snittet for 1960–2015, men elles har rekrutteringa i seinare år vore under middels eller svak. Kysttoktet hausten 2017 viste ein nedgong i mengda sei, men det vart målt oppgong i dei yngste aldersgruppene (1- og 4-åringar), noko som gjev håp om betre rekruttering i dei næraste åra.

Det vart i 2007 innført ein ny haustingsregel for nordaustarktisk sei, som ICES fann å vera i tråd med føre-var-tilnærminga. Ifølgje haustingsregelen vil gytebestanden med rekruttering rundt eller under langtidsgjennomsnittet vera rundt eller under føre-var-nivå (220 000 tonn). 

Havforskingsinstituttet har difor tilrådd at utnyttingsgraden ikkje vert sett høgare enn utnyttingsgraden for maksimalt langtidsutbytte, og Fiskeri- og kystdepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til dette nivået. Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett kvoten for 2018 til 172 500 tonn, som er det same som ICES tilrådde som maksimal kvote.

Fiskeri

Utbyttet av seifisket nord for 62°N var på 130 000 tonn i 2014, 131 765 tonn i 2015 og 140 392 tonn i 2016. Gjennomsnittsutbyttet for 1960–2016 var på 160 800 tonn. Kvoten for 2017 blei fastsett til 150 000 tonn, og total fangst blei på rundt 137 000 tonn. 2018-kvoten på 172 500 tonn er 15 % høgare enn 2017-kvoten og 7 % høgare enn gjennomsnittsutbyttet for 1960–2015.

Noreg dominerer fisket med over 90 % av landingane dei siste åra, og norsk utbytte i 2017 ser ut til å bli på rundt 127 000 tonn. Det gjennomsnittlege norske utbyttet i perioden 1960–2016 var på 136 000 tonn. Dei ti siste åra har trålfisket stått for vel 42 % av dei norske landingane, not knapt 30 %, garn 20 % og line, snurrevad og jukse vel 13 %.

Nøkkeltal:

KVOTERÅD 2018: ICES: 172 500 tonn eller mindre
FASTSETT KVOTE 2018, TOTAL: 172 500 tonn, NORSK: 156 950 tonn
FANGST 2017 (PROGNOSE): TOTAL: 137 000 tonn, NORSK: 127 000 tonn
NORSK FANGSTVERDI 2017: 892 millionar kroner