Kvoteråd: Norsk kysttorsk nord for 62. breiddegrad

*Følg gjenoppbyggingsplanen
Publisert: 09.04.2019 Oppdatert: 17.03.2020
ICES sitt råd
ICES tilrår sterkt at det blir utvikla ein ny gjenoppbyggingsplan for norsk kysttorsk nord for 62° N. Inntil ein slik plan er operativ, vil ICES halde fram med å gje råd i samsvar med den eksisterande gjenoppbyggingsplanen.
Gjenoppbyggingsplanen bygger på resultata frå hausttoktet. ICES tilrår på bakgrunn av gjenoppbyggingsplanen at dersom gytebestands-indeksen i hausttoktet i 2018 (resultat ligg føre tidleg i desember) er lågare enn indeksen i 2017, skal fiskerireguleringane sikte mot ein reduksjon av fiskedødsrate i 2019 på minst 75 prosent relativt til fiskedødsrate i 2009. Dersom toktindeksen er høgare enn i 2017, skal fiskerireguleringane sikte mot ein reduksjon av fiskedødsrate i 2019 på minst 60 prosent relativt til fiskedødsraten i 2009.
Historisk bestandsutvikling
Gytebestanden har vore stabil i dei to siste tiåra. Fiskedødsraten auka i 2015-2017, etter at det var ein minkande trend i 2000-2014.
Bestandens tilstand
ICES kan ikkje vurdere status for bestanden og fisket samanlikna med referansepunkt for høgt langtidsutbytte og føre-var-tilnærming, fordi desse referansepunkta ikkje er definerte for denne bestanden.
Venta bestandsutvikling
Det er ikkje laga nokon prognose for venta bestandsutvikling.
Kvaliteten på bestandsvurderinga
Bestandsvurderinga er usikker. Det er fleire grunnar til dette: Uvisse i splitting av fangstane mellom nordaust-arktisk torsk og kysttorsk, der kysttorsk er ein liten del av totalfangsten av torsk, usikre tal for fritids- og turistfiske, toktet dekkjer ikkje den delen av bestanden som står i grunne område.
Saker relevant for rådet
Gjenoppbyggingsplanen har no vore operativ i 8 år. I følge planen skal fiskedødsraten i 2018 vere minst 60% lågare enn i 2009. Dataene for 2017 viser både at fiskedødsraten har auka dei siste åra, og at fangstane i 2017 er høgare enn i 2009. Dei reguleringane som har blitt innført, har såleis ikkje gitt den ønska effekten.
Grunnlaget for bestandsvurderinga
ICES bestandskategori: 3
Bestandsvurderingstype: Toktindeks og estimat av F frå ein forsøksvis VPA-modell.
Nøkkeltal
Kritisk gytebestandsnivå (Blim): Ikkje definert
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): Ikkje definert
Kritisk fiskedødsrate (Flim): Ikkje definert
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): Ikkje definert
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan: trinnvis reduksjon inntil gjenoppbyggingsmålet er nådd.
Standardplott
Havforskingsinstituttets kommentarar
Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES, og poengterer at dei tiltaka som er sette i verk for å redusere fiskedødsraten på kysttorsk ikkje har hatt den ønska effekten. Det trengs difor meir effektive reguleringstiltak om målsettinga i gjenoppbyggingsplanen skal nåast.