Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Tobis i Nordsjøen

Tobis
Anbefalt kvote 2019
125 000
tonn
Anbefalt kvote 2018
70 000
tonn

Førebels kvoteråd for 2019 var: 55 000 tonn

Forskar Espen Johnsen er så vidt komen i land frå det årlege mai-toktet på tobisfelta i Nordsjøen. Med seg har han eit oppdatert tobis-råd, som er utarbeidd om bord etter kvart som ekkolodd-data og de biologiske prøvane er samla inn. Tobis er ein av dei få bestandane HI gjev råd på utanfor ICES-systemet.

God rekruttering

– Vi konstaterer at det er relativt god rekruttering hos tobisen. Rekrutteringa er blant dei tre beste vi har dokumentert dei siste åra, fortel Espen Johnsen. Dei lyse utsiktene gjer at kvoterådet går markant opp.

Les bakgrunnen for kvoterådet her: Toktrapport for tobis, mai 2019

HI driv områdebasert forvalting der tobisbankane er delt inn i fleire delområde. Nokre delområde er alltid stengt for å sikra lokal rekruttering. Delområda 1b, 1c, 2b, 2c, 3b, 3c og 4a er åpne for tobisfiske, men det blir ikkje opna for fiskeri på Vikingbanken, der bestanden framleis er kritisk låg.

2016-årsklassen har lagt på seg

Toktet viser også at det er meir biomasse av årets treåringar enn kva det kunne sjå ut som frå fjorårets tobistokt.

– Den historisk sterke 2016-årsklassen dominerer på tobisfelta, og dei nye toktresultata stadfestar at det er snakk om ein kolossalt god årsklasse. Det lovar godt for bestanden, seier Espen Johnsen.

Tar igjen vekttap

Under den seine og kalde våren i fjor var forskarane uroa for dei unge tobisane. Fiskane var skrinne. Espen Johnsen fortel at tobisen er i god stand i år, og at mattilgangen er god.

– Men tobisen har ikkje klart å henta seg inn 100 prosent etter den dårlege veksten dei hadde i fjor.