Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Brisling i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat


Brislingstim

Brisling (Sprattus sprattus)

Fotograf: Erling Svensen
Anbefalt kvote 2020-2021
207 807
tonn
Anbefalt kvote 2019-2020
138 726
tonn
Avtalt kvote 2019-2020
151 940
tonn

ICES tilrår, i tråd med MSY-tilnærminga, at fangsten frå 1. juli 2020 til 30. juni 2021 ikkje bør overstige 207 807 tonn.

Historisk bestandsutvikling

Biomassen av gytebestanden (SSB) 1. juli har vore over MSY Bescapement etter 2013. Fiskedødeligheita har vore høgare enn gjennomsnittleg dei siste fem åra, bortsett frå siste året (2019-2020). Rekrutteringa (R) 1. juli 2019 er estimert til å vere høgare enn gjennomsnittleg.

Bestandens tilstand

ICES vurderer størrelsen på gytebestanden til å vere over MSY Bescapement, Bpa og Blim.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn

Fangst 2020-2021 (tonn)

F i 2020-2021

SSB 1. juli 2022 (tonn)

% endring i SSB*

% endring i TAC**

% endring i råd***

SSB2021 ≥ MSY Bescapement med Fcap

207 807

0,69

262 724

- 1,21

36,77

49,80

* SSB 1. juli 2022 samanlikna med SSB 1. juli 2021
**TAC i 2020-2021 samanlikna med TAC i 2019-2020
*** Råd for 2020-2021 samanlikna med råd for 2019-2020

Kvaliteten på bestandsvurderinga

I førre benchmark (ICES WKSPRAT 2018) vart brisling i ICES Div. 3.a (Skagerrak-Kattegat) og Subarea 4 (Nordsjøen) slått saman til ein bestand. Nokre endringar vart også gjort i bestandsvurderingsmodellen, noko som forbetra kvaliteten (det vil seie betre tilpassing og lågare retrospektivt bias).

Saker relevant for rådet

Rådet er basert på MSY escapement strategien (med ein Fcap), der ein prediksjon av gytebestanden (SSB) etter fisket er avslutta vert brukt. Ein stor del av predikert SSB er rekruttar frå året før fisket. Både mengda og modningsgraden av desse rekruttane på gytetidspunktet er ukjende. Dette bidreg til usikkerheit i prognosen.

Ei litt betre rekruttering enn gjennomsnittleg har bidrege til ein auke i SSB til godt over MSY Bescapement dei seinare år. Fcap’en på 0,69 vert brukt for å sikre at gytebestanden med høgt sannsyn vil vere større enn Blim etter fisket. Dette vil gje ein median SSB over MSY Bescapement på lang sikt.

Gjennomsnittleg vekt-ved-alder har minka over tid, og dette vert teken omsyn til ved å bruke eit gjennomsnitt for dei siste åra i prognosen.

Dette rådet gjeld bestandseininga (basert på mellom anna genetikk og vekst) i Div. 3.a og Subarea 4. Lokale, genetisk identifiserbare, bestandar eksisterer også i utkanten av Div. 3.a, langs kysten av Noreg, og truleg også Sverige. Norske bestandar er betre karakterisert og er ikkje del av denne vurderinga eller rådet. Innsatsen i fisket innan Div. 3.a er viktig å vurdere. Dersom ein betydeleg del av fiskeinnsatsen flyttar seg til kystområda av Div. 3.a, kan dette utarme lokale bestandar.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SMS)

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 94 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 125 000 tonn
Målsetting for gytebestand (MSY-Bescapement): 125 000 tonn
Øvre grense for fiskedødsrate (Fcap): 0,69
Venta fiskedødsrate i juli 2020 - juni 2021: 0,69
Venta gytebestand 1. juli 2021: 262 724 tonn

Standardplott

 

Brisling i Div. 3.a og Subarea 4. Samandrag av bestandsvurderinga. Historisk utvikling frå samandraget av bestandsvurderinga med 90% konfidensintervall. Åra på x-aksane refererer til modellåra (for eksempel vil “2019” vere perioden juli 2019 til juni 2020); rekruttering og gytebestand (SSB) er for 1. juli; predikerte verdiar for rekruttering og SSB er vist som ei kvit søyle og eit grått punkt.