Kvoteråd: Lodde i Barentshavet

Lodde_red.jpg
Fotograf: Aleksandr Pavlenko, Pinro
Anbefalt kvote 2021
0
tonn
Anbefalt kvote 2020
0
tonn
Avtalt kvote 2020
0
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med forvaltingsplanen fastsett av Den norsk-russiske fiskerikommisjonen, at det ikkje bør fiskast lodde i Barentshavet i 2021.

Historisk bestandsutvikling

Den modnande delen av bestanden vart funnen å vera på 545 000 tonn, som er noko høgare enn hausten 2019. Talet på 1-åringar var det høgaste sidan 2013.

Bestandens tilstand

ICES reknar at gytebestanden 1.april 2021 mest sannsynleg vil vera på 156 376 tonn, og at det er 27 % sannsyn for at gytebestanden er over 200 000 tonn.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2021 (tonn) Gytebestand i 2021 (tonn) P(Gytebestand 2021 < 200 000 tonn) % endring i råd*
Forvaltingsplan 0 156 376 27% 0

* Råd for 2021 samanlikna med råd for 2020

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga er basert på den akustiske dekninga som inngår i Økosystemtoktet. Områdedekninga i toktet var ufullstendig, men ein reknar med at mesteparten av  den modnande (fiskbare)  bestanden vart dekka.  Basert på den geografiske fordelinga av lodde frå tokta dei siste åra vart toktet vurdert til å vera eigna som grunnlag for rådgivinga.

Saker relevant for rådet

I alle åra 2017-2019 sto under 20% av den modnande lodda i det området som ikkje vart dekka i 2020. Dersom ein antar at biomassen i toktet i 2020 er 20% høgare enn den biomassen som vart funnen i toktet, ville sannsynlegheita for at gytebestanden blir over 200 000 tonn vera 44%. Ut frå forvaltingsplanen ville ein då likevel få eit null-råd for fisket.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (Bifrost/Captool)

Nøkkeltall

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): Ikkje relevant
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): Ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): Ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): Ikkje relevant
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): Ikkje relevant
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): Ikkje relevant
Venta fiskedødsrate i 2020: Ikkje relevant
Venta gytebestand i 2021: 156 376 tonn (90% konfidensintervall:  75 197 tonn –  314 550 tonn)

Standardplott

Fangst, rekruttering, gytebestand (1. april) og målt bestand om hausten for lodde i Barentshavet. Fangst og bestand målt om hausten i millionar tonn, gytebestand i tusen tonn, rekruttering i milliardar 1-åringar. Det skraverte grøne området viser 90 % konfidensintervallet (5-95%) for gytebestanden.