Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Brisling i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat

Brisling HI 012802

Brislingen kan bli opptil 19 cm, men den blir sjelden større enn 14–16 cm.

Fotograf: Else Torstensen / Havforskningsinstituttet
Anbefalt kvote 2022-2023
68 690
tonn
Anbefalt kvote 2021-2022
106 715
tonn
Avtalt kvote 2021-2022
106 715
tonn

Historisk bestandsutvikling

Biomassen av gytebestanden (SSB) pr 1. juli har vore over MSY Bescapement etter 2013, men er forventa å vere under pr 1. juli 2022. Fiskedødeligheita har vore høgare enn gjennomsnittleg dei siste seks åra, bortsett frå 2019-2020. Rekrutteringa (R) 1. juli 2021 er estimert til å vere svak.

Bestandens tilstand

ICES vurderer størrelsen på gytebestanden til å vere under MSY Bescapement og Bpa, og over Blim.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2022-2023 (tonn) F i 2022-2023 SSB 1. juli 2023 (tonn) % endring i SSB* % endring i TAC** % endring i råd***
SSB2023 ≥ MSY Bescapement med Fcap 68 690 0,69 181 215 +80 -36 -36

* SSB 1. juli 2023 samanlikna med SSB 1. juli 2022
**TAC for 2022-2023 samanlikna med TAC for 2021-2022
*** Råd for 2022-2023 samanlikna med råd for 2021-2022

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga har vist relativt konsistente trendar dei siste fire åra.

Saker relevant for rådet

Første mars 2022 var 75% av kvoten for juli 2021 til juni 2022 oppfiska. Det er mogleg at noko av restkvoten vil bli fiska men kor mykje er ukjent. I åra 2018 til 2021 har fangstane i kvartal 2 utgjort mellom 0.4% og 10.7% med eit snitt på 5%. Kortidsprognosen og rådet legg til grunn at restkvota ikkje vil nyttast då brislingfangsten i perioden mars til juni vanlegvis er låg. Om det vert teke høge fangstar i denne perioden i 2022, er det mogleg at kvoterådet ikkje er føre-var.

Evalueringa (MSE) av forvaltningsstrategien for denne bestanden har ikkje teke omsyn til den mellomårlege kvotefleksibiliteten (±10%) som vert praktisert  i fisket. Det er difor mogleg at denne praksisen ikkje er føre-var.

Rådet er basert på MSY escapement strategien (med eit tak Fcap på fiskedødsrate), der ein prediksjon av gytebestanden (SSB) etter fisket er avslutta vert brukt. Ein stor del av predikert SSB er rekruttar frå året før fisket. Både mengda og modningsgraden av desse rekruttane på gytetidspunktet er ukjende. Dette bidreg til usikkerheit i prognosen, men at fiskedødsraten er avgrensa av  Fcap gjer at strategien er føre-var.  

Dette rådet gjeld bestandseininga (basert på mellom anna genetikk og vekst) i ICES Div. 3.a og Subarea 4 (Skagerrak-Kattegat og Nordsjøen).  Lokale, genetisk identifiserbare bestandar eksisterer også i utkanten av Div. 3.a og Subarea 4, langs kysten av Noreg, og truleg også Sverige. Ingen norske kystbrislingbestandar er del av denne vurderinga eller rådet.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SMS)

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 94 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 125 000 tonn
Målsetting for gytebestand (MSY-Bescapement): 125 000 tonn
Øvre grense for fiskedødsrate (Fcap): 0,69
Venta fiskedødsrate i juli 2022- juni 2023: 0,69
Venta gytebestand 1. juli 2023: 181 215 tonn

Standardplott

Figur som viser standardplott brisling

Brisling i Div. 3.a og Subarea 4. Samandrag av bestandsvurderinga. Åra på x-aksane refererer til modellåra (for eksempel vil “2019” vere perioden juli 2019 til juni 2020); rekruttering og gytebestand (SSB) er for 1. juli. Den lysare farga rekrutteringa for 2022 og det diamantforma SSB-punktet er predikerte verdiar.