Pelagisk snabeluer i Irmingerhavet

HI-031956.jpg

Pelagisk snabeluer i Irmingerhavet kan bli opptil 50 cm og veie 1,3 kg.
 

Fotograf: Havforskningsinstituttet

Denne snabelueren er ein eigen oseanisk og pelagisk bestand (sannsynlegvis samansett av to bestandar) og lever frå 100 til 900 meters djup over eit botndjup på 1500–3000 meter. På grunn av sein kjønnsmodning og langsam vekst, er denne bestanden svært følsam overfor for sterk utnytting.

Fleire tokt dei siste åtte åra har vist at mengda av snabeluer i Irmingerhavet no berre er ca. 1/5 av førekomsten for ti år sidan. Endringane har vore mindre dei siste par åra.

Den offisielle fangststatistikken viser også ei rask, negativ utvikling med lågare fangstar og fangstratar. Det føreligg ikkje komplette bestandsutrekningar for snabelueren i Irmingerhavet. Difor er det knytt ekstra uvisse til bestandssituasjonen.

Toktresultat, nedgang i fangstratar i det kommersielle fisket og den raske reduksjonen i fangstane tyder på ein raskare bestandsnedgang enn tidlegare rekna med. Det kan føre til at dette uerfi sket, slik vi har kjent det dei siste tjue åra, vil bli kraftig redusert med det første. Det er ei viss uro for at dagens forvalting, som baserer seg på at all pelagisk snabeluer i desse hav områda høyrer til ein og same be stand, ikkje tek omsyn til biologiske ulik skapar. Internasjonal usemje om år lege total kvotar aukar også risikoen for over beskatning.

Yngelen har sitt oppvektsområde på kontinentalsokkelen ved Grønland, og det er stort sett berre den kjønnsmodne delen av desse snabeluerbestandane som lever pelagisk ute i Irmingerhavet.

Status, råd og fiskeri

Basert på genetikk, feittsyrer og parasittfauna, har ICES konkludert med at det i Irmingerhavet søraust for Grønland er to bestandar av pelagisk snabeluer. Den eine bestanden lever hovudsakleg djupare enn 500 meter, og den andre, oseanisk snabeluer, grunnare enn 500 meter.

I tillegg er det ein bestand på kontinentalsokkelen ved Island, som kan henge saman med snabeluer på kontinentalsokkelen ved Grønland. Denne teksten omhandlar dei pelagiske bestandane i Irmingerhavet. Sidan det er vanskeleg å forvalte og halde to pelagiske bestandar frå kvarandre på djupn, har ICES føreslått eit forvaltingsområde for den djupe bestanden i nordaust der dei tettaste og fiskelege førekomstane finst, mens førekomstane utanfor og særleg sørvest for dette området er dominert av den grunne bestanden. Det er vidare uklart om det finst ein eigen bestand på kontinentalsokkelen ved Aust-Grønland, eller om, og i kva grad, snabelueren her heng saman med dei andre bestandane. Uansett er yngel- og oppvekstområdet til den pelagiske snabelueren i Irmingerhavet å finne på sokkelen ved Aust-Grønland.

Resultat frå fleire tokt dei siste åtte åra har vist at mengda av pelagisk snabeluer i Irmingerhavet har blitt kraftig redusert. Den grunnaste bestanden, oseanisk snabeluer, er no minst, vel 90 000 tonn, som er mindre enn 5 % av målingane på byrjinga av 1990-talet. Det er vanskelegare å måle den djupare bestanden med akustikk, og her må ein difor i større grad støtte seg på fangstrater med trål. Resultat frå slike målingar av den djupare bestanden sidan 1999 viser ein reduksjon også av denne bestanden der målinga i 2015 (kring 200 000 tonn) er den lågaste i tidsserien.

ICES har gitt råd om at det ikkje bør gå føre seg noko direkte fiske på den grunnaste bestanden, og at det må utformast ein internasjonal forvaltingsplan. For den djupaste bestanden har ICES tilrådd at fisket blir redusert til under 10 000 tonn sidan bestandsindeksane fall betydeleg fram til 2005 og sidan har fortsett å synke. Den nordaustatlantiske fiskerikommisjon (NEAFC) vedtok under årsmøtet i 2016 at det ikkje skal fiskast på den grunnaste bestanden, og ikkje meir enn 8 500 tonn av den djupaste.

Fiskeri

Norske trålarar har fiska snabeluer i internasjonalt farvatn i Irmingerhavet sørvest av Island sidan 1990. På det meste (1996) er det internasjonalt totalt fiska 180 000 tonn, og opptil 19 nasjonar har delteke. Norske fiskarar har på det meste fiska vel 14 500 tonn (1992 og 1993).