Gå til hovedinnhold

Slik verkar det


DSC 3444A1300

Trålhal med sild

Fotograf: Kjartan Mæstad

Ein fiskebåt går frå hamn og sender avgangsmelding (DEP) til Fiskeridirektoratet og melder kva målart han har tenkt å fiska på denne turen. Ein ny meldingstype generert av fangstdagboka (og ein kopi av avgangsmeldinga) blir sendt til Havforskingsinstituttet, som automatisk sender returmelding og ber om at fartøy deltek på prøvetakinga dersom målart er ein av artane som er med i fangstprøvelotteriet.

Deltakinga inneber to ting; for kvar fangstoperasjon (kast/trålhal) vert det bedt om:

  • At fiskar tek ein prøve (ca. 15 kg, eller 2 kg for brisling og øyepål) av fangsten tidleg i fangstoperasjonen og set til side.
  • At fiskar, så tidleg som praktisk mogeleg, sender ein fangstmelding via fangstdagboka. Meldinga er teknisk sett ein kopi av fangstrapporten (DCA) for det aktuelle kastet/halet og må innehalde eit anslag på mengda av målarten fanga. Meldinga blir laga automatisk av fangstdagboka, slik at skipparen slepp å føra inn nye opplysningar i dagboka.

Denne meldinga blir sendt til Havforskingsinstituttet som med ein gong, og automatisk, svarar enten JA eller NEI.
Dersom svaret er JA, ber ein om at mannskapet pakkar og merker prøven, frys den ned og leverer den på eit mottaksanlegg (norsk) ved passande høve. Dersom svaret er NEI, kan prøven kasserast.

  • Mottaksanlegget må så ta vare på prøvane som kjem inn frå fiskeflåten og senda dei til HI etter nærare avtale.

Dette nye systemet krev ein betydeleg innsats, spesielt frå fiskarane, men òg frå industrien, for at det skal fungera. I avsnitta under vert det forklart i litt meir detalj. Spørsmål om ordninga kan sendast på e-post til «fangstprover@hi.no» (eventuelt til Håkon Otterå, tlf. 950 65 762). Planen er å få inn i prøvar frå tilfeldig valte fangstar spreidd over heile flåten gjennom året. Sjansen for at ein enkeltfangst vert trekt ut, er ikkje veldig stor, men store fangstar vil ha større sjanse for å «vinna i lotteriet» enn små fangstar.

For å få dette til er vi avhengige av god oppslutning frå flåten og landindustrien om denne ordninga gjennom heile året. Dette vil vere eit felles løft for ei betre bestandsvurdering og kvoterådgiving.