Nordsjøen og Skagerrak

"Johan Hjort" på økosystemtokt Nordsjøen-Skagerrak.
Fotograf: Jørgen Ree Wig / Havforskningsinstituttet
På IBTS-tokt med "G.O. Sars" i Nordsjøen
Fotograf: Merete Kvalsund / HIØkosystemet her skil seg også ut frå Barentshavet og Norskehavet. Nordsjøen er i mykje større grad påverka av oss menneske: eit av verdas mest trafikkerte sjøområde med store hamner, massivt fiskeri, utvinning av olje og gass, uttak av sand og grus og dumping av mudder. Omtrent 184 millionar menneske bor i nedslagsområdet til Nordsjøen. Økosystemet blir påverka av utsleppa frå busetting, jordbruk og industri.
Grovt sett kan Nordsjøen delast i fire ulike område:
- I nord, der havdjupet er mellom 100 og 200 meter, finn vi dei viktigaste områda for norsk fiskeri. Her blir det fangsta på voksen torsk, sei, sild, hyse og augepål.
- I Norskerenna, som er det området i Nordsjøen som går djupast, ned til 700 meter, finner vi djuphavsartar som vassild, skolest og svarthå.
- Det sentrale Nordsjøen er generelt mindre fiskerikt enn lenger nord.
- Aust, i Skagerrak, med djupner på 50–100 m, er det oppvekstområde for sild og torsk. Her er det også viktige tobisområde, og det er hovudområdet for flatfisk.
Publisert: 27.03.2019 Oppdatert: 13.04.2021