Gå til hovedinnhold
Makrelltokt Norskehavet

Makrell- og økosystemtokt i Norskehavet (2017).

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Havområdet mellom Noreg, Island, Grønland og Svalbard blir kalla Dei nordiske hav og består av Norskehavet, Grønlandshavet og Islandshavet. Grensene mellom dei går til dels langs undersjøiske fjellryggar.

Det er hovudsakleg tre vassmassar i både Norskehavet og Barentshavet: atlanterhavsvatn, arktisk vatn og kystvatn. Kvart sekund strøymer om lag 8 millionar tonn varmt og salt vatn inn i Norskehavet frå det nordlege Atlanterhavet. Det er åtte gonger summen av alle elver i heile verda!

Miksen av vassmassar med ulik temperatur og saltinnhald i Norskehavet har stor betyding for utbreiing av plankton og fisk i området. Artsmangfaldet er ikkje så stort, men til gjengjeld er det rikelege mengder av dei artane som finst.

Dyreplankton som raudåte, og krepsdyr som kril, finst i store mengder – viktig middagsmat for fiskebestandane vi driver fiske på; norsk vårgytande sild (nvg-sild), kolmule og makrell. Raudåta er ein nøkkelart i økosystemet, og overvintrar i djupet i Norskehavet.

Desse fiskeartane har ikkje permanent opphald i Norskehavet, men kjem hit på sommarferie. Makrellen har hovudområde lenger sør og vest. Kolmule gyt i stor grad vest av Storbritannia. Silda beiter i Norskehavet om sommaren, men gyt langs norskekysten og veks for det meste opp i Barentshavet.