Sjømat og vekt

C:\Users\a22898\Desktop\Bilder\Røkelaks Eivind Senneset.JPG
Fotograf: Eivind Senneset

Studiar tyder på at sjømat i kosthaldet kan motverke overvekt og diabetes, men ein klar årsakssamanheng er ikkje påvist.

Ifølge Folkehelseinstituttet er kvar femte vaksne og kvart sjette barn i Norge overvektige. Dette er assosiert med auka risiko for diabetes type 2 og andre kroniske sjukdommar.

Store kosthaldsstudiar tyder på at det finst ein samanheng mellom inntak av sjømat og låg kroppsvekt, men det er ikkje slått klart fast kva mekanismar som styrer dette.

I fleire forsøk på gnagarar har forskarane kartlagt korleis ulike typar sjømat kan redusere utviklinga av fedme og diabetes 2. Forskinga viser at det ikkje berre er omega-3-feittsyrene som truleg speler inn, men også proteina frå sjømaten.

Referansar:
Liaset, B. et. al. "Seafood intake and the development of obesity, insulin resistance, and type 2 diabetes." Nutrition Research Reviews. In press

Mager fisk reduserte vekta til mus

Over fleire forsøk har mus blitt fôra med protein frå ulike kjelder. Protein frå planter og mjølk er mest effektive til å hindre vektauke, men protein frå sjømat er gjennomgåande betre for dei enn protein frå kjøtt. Dette gjaldt også når dei fekk høgprotein-diettar.

Forskarane jobbar med å finne ut av mekanismane bak denne skilnaden.

Referansar:
Liisberg, Ulrike, et al. "The protein source determines the potential of high protein diets to attenuate obesity development in C57BL/6J mice." Adipocyte 5.2 (2016): 196-211.Holm, Jacob Bak, et al. "Diet-induced obesity, energy metabolism and gut microbiota in C57BL/6J mice fed Western diets based on lean seafood or lean meat mixtures." The Journal of nutritional biochemistry 31 (2016): 127-136.

Blei mettare av mager fisk

Mus som fekk protein frå ein blanding av mager sjømat, åt mindre mat enn mus som fekk magert kjøtt.

Eit liknande resultat er funne for protein frå torsk mot protein frå svin.

Sjølv om torsk inneheld lite omega-3-feittsyrer samanlikna med feit fisk som laks og makrell, fann forskarane kraftig omega-3-auke i mus som åt torsk.

Referansar:

Liisberg, Ulrike, et al. "Intake of a Western diet containing cod instead of pork alters fatty acid composition in tissue phospholipids and attenuates obesity and hepatic lipid accumulation in mice." The Journal of nutritional biochemistry 33 (2016): 119-127.

Torsk og hyse er mager fisk. (Foto: Helge Skodvin / HI)

Fekk auka forbrenning

Protein frå dyr, spesielt mager sjømat som kamskjel, inneheld mykje taurin. I eit forsøk fekk mus fôr med protein med aukande mengd taurin (kylling, torsk, krabbe og kamskjel). Dess meir taurin proteinkjelda inneheldt, dess mindre feittvev la musa på seg.

Musa som fekk kamskjel, åt mindre og hadde samtidig høgare forbrenning.

Fleire studiar viser at mus som får protein frå marine kjelder har høgare forbrenning enn mus som et kjøtt. Dei legg mindre på seg i forhold til kor mange kaloriar dei et.

Det kan skuldast at meir av energien blir omdanna til varme i det brune feittvevet. Ei anna mogleg forklaring er at samansettinga av tarmbakteriar blir endra når du et protein frå sjøen, og at mindre energi blir tatt opp i kroppen.

Referansar:
Tastesen, Hanne Sørup, et al. "Scallop protein with endogenous high taurine and glycine content prevents high-fat, high-sucrose-induced obesity and improves plasma lipid profile in male C57BL/6J mice." Amino Acids 46.7 (2014): 1659-1671.

Madsen, Lise, et al. "Dietary proteins, brown fat, and adiposity." Frontiers in Physiology 9 (2018): 1792.

Madsen, Lise, et al. "Links between Dietary Protein Sources, the Gut Microbiota, and Obesity." Frontiers in physiology 8 (2017): 1047.

Miljøgifter kan spele ei rolle for fedme og diabetes

Sjømat, særleg feit fisk, inneheld miljøgifter som dioksin og dioksinliknande PCB. Desse er feittløyselege og blir lagra i feittvev hos menneske og mus. Fleire studiar viser at folk med fedme og diabetes har meir miljøgifter i kroppen enn dei som er slanke og friske. Men ein klar årsakssamanheng er ikkje vist.

Gnagar-studiane er heller ikkje eintydige. Forsøk har vist at rotter som åt lakseolje med miljøgifter la meir på seg enn dei som åt reinsa olje. Dei viste også høgare risiko for å kunne utvikle diabetes type 2.

Mus som åt laks fôra med marine oljer, la mindre på seg enn mus som åt laks fôra med planteoljer. Det trass i at førstnemnde gruppe fekk meir miljøgifter lagra i kroppen.

Forskarane har òg vist at mus på ein feit diett tar opp meir miljøgifter frå maten enn mus på ein mager diett. Dei ulike resultata tyder på at miljøgiftene og næringsstoffa påverkar kvarandre.

Referansar:
Taylor, Kyla W., et al. "Evaluation of the association between persistent organic pollutants (POPs) and diabetes in epidemiological studies: a national toxicology program workshop review." Environmental health perspectives 121.7 (2013): 774-783.

Ruzzin, Jérôme, et al. "Persistent organic pollutant exposure leads to insulin resistance syndrome." Environmental health perspectives 118.4 (2009): 465-471.

Midtbø, Lisa Kolden, et al. "Intake of farmed Atlantic salmon fed soybean oil increases insulin resistance and hepatic lipid accumulation in mice." PLoS One 8.1 (2013): e53094.

Myrmel, Lene Secher, et al. "Macronutrient composition determines accumulation of persistent organic pollutants from dietary exposure in adipose tissue of mice." The Journal of nutritional biochemistry 27 (2016): 307-316.