Gå til hovedinnhold

Arsen er eit tungmetall som finst overalt i jordskorpa i små mengder. Arsen kjem også frå industrien og blei tidlegare brukt som plantevernmiddel i landbruk.

I marin fisk finst det over ti forskjellige kjemiske former for arsen, og størstedelen av desse er organiske forbindelsar som ikkje er giftige.

Ikkje-organiske arsenforbindelsar som arsenikk er kreftfremkallande og verkar også inn på nervesystemet vårt. I havet finst det organiske former for arsen som er vannløyselege.

Hovudforbindelsen i fisk og annan sjømat er arsenobetaine, som er ei ikkje-giftig form for arsen. Menneske tar opp arsenobetaine, men skil det ut igjen uforandra.