Gå til hovedinnhold

BHT, butylhydroksytoluen, er ein syntetisk antioksidant som primært blir tilsett i fiskeolje for å begrense harskning av feittet.

Fiskeolje blir brukt som ingrediens i fiskefôr, og dermed vil noke BHT vere til stede i fiskefôret. BHT finst i mange næringsmiddel som sausar, tyggegummi og matoljer, men i sjømat finst den berre i oppdrettsfisk som har fått fôr med BHT. Denne antioksidanten er den vanlegaste av dei syntetiske antioksidantane i filet frå oppdrettslaks.

Det er ikkje påvist negative effektar av BHT hos menneske, men studier på rotter har vist at stoffet kan vere kreftfremkallande ved inntak av høge dosar.