Gå til hovedinnhold

Kadmium er eit tungmetall som finst i naturen, blant anna i jordsmonnet. Kadmium har også vore brukt i ei rekke industrielle prosessar, blant anna i batteriar og til gruvedrift, og for å verne stål mot rust. Det blir transportert både med vatn og luft, og det blir tilført det marine miljø frå elvar.

Kornprodukt og grønsaker er den viktigaste kjelda til kadmium i Europa. Kadmium tas lite opp i fisk, men kan samlast opp i skaldyr.

Kadmium har lang halveringstid hos menneske og kan vere kreftfremkallande. Det kan også samle seg i nyrene og føre til nyresvikt, i tillegg til at det kan forstyrre forplantingsevna.