Gå til hovedinnhold

Kvikksølv er eit tungmetall som finst i forskjellige kjemiske former. Mest giftig er organisk kvikksølv, også kjent som metylkvikksølv.

Kvikksølv finst i naturen og kan komme frå kjelder som vulkanutbrudd eller utgassing. Menneskeleg aktivitet som gruvedrift og industri fører også til utslepp av kvikksølv.

Metylkvikksølv blir overført frå mor til foster under graviditet, og kan ved store mengder føre til misdanningar hos barnet. Det påverkar også den mentale utviklinga hos både foster og spedbarn, og kan føre til nedsett læringsevne og skader på motorikken.

Fisk og annan sjømat, og da spesielt dei magre fiskeslaga, er hovudkjelda til kvikksølv i kosthaldet vårt i dag.