Vitamin D er eit fettløyseleg vitamin som blir lagra i leveren. Det finst mykje av det i feit fisk, fiskelever og tran.
I Noreg blir vitaminet tilsett i nokre typer mjølke- og meieriprodukt. I sommarhalvåret kan kroppen lage vitamin D i huda ved hjelp av sollys. I resten av året er det kosthald som styrer vitamin D-nivået i kroppen.
Den viktigaste rolla til vitamin D er å halde eit stabilt nivå av kalsium i blodet. Alvorleg vitamin D-mangel kan føre til skader på skjelettet, som rakitt hos barn og osteomalasi hos vaksne. Konsekvensane av mild vitamin D-mangel er mindre kjent.
Vitamin D-statusen er generelt sett god i den norske befolkinga, spesielt i sommarhalvåret. Deler av befolkinga har imidlertid lave nivå av vitamin D i vinterhalvåret. Både barn, gravide, ammande og eldre er utsette. Ettersom personar med mørkare hudtyper produserer mindre D-vitamin gjennom huda, er ikkje-vestlege innvandrarar spesielt utsette for vitamin D-mangel i Noreg.
Publisert: 12.11.2020 Oppdatert: 08.04.2021