Blålanger frå hav og fjord var ikkje i familie

blaalange

Blålanga er vanlegast på 350–500 meters djup, men ho kan finnast mellom 200 og 1500 meter.

Nye DNA-testar av blålange frå Yrkefjorden, Eggakanten og Færøyene kan vise at hav og fjord husar ulike genetiske bestandar.

Blålanga er i trøbbel etter overfiske på 70- og 80-talet. Ho blei raudlista i 2006, og i 2009 blei det innført fiskeforbod. Det er lov å ha ei innblanding av blålange i fangsten på opptil ti prosent.

Denne bifangstgrensa har gitt problem for fiskarar særleg i enkelte fjordar. Dei får gjerne mykje blålange på gode fiskeplassar for brosme og lange. Fiskarar har blitt nøydde å flytte frå fiskeplassane for ikkje å overstige grensa på ti prosent blålange.

Skilde seg genetisk

Korleis kan det ha seg at dei får mykje av ein fisk det skal vere lite av? Det lurte både fiskarane og Fiskeridirektoratet på. Dei bestilte ein rapport om blålangebestanden.

– DNA-testar frå 409 blålanger viser at det som i dag er forvalta som éin blålange-bestand eigentleg består av fleire genetiske bestandar, fortel havforskar Kristin Helle.

Blålangene i Yrkefjorden i Rogaland var genetisk forskjellige frå blålangene på Eggakanten og i havområda rundt Færøyene. Blålangene frå havområda skilde seg ikkje frå kvarandre på same vis.

Seier ikkje noko om bestandsstorleik

Funna kan altså indikere at blålange frå havet gyter saman i éin bestand, mens blålanga i fjordane har eigne, lokale bestandar. (Fenomenet kan samanliknast med torsken: Dette er dei norske torskane) For å slå fast dette, trengst prøver frå fleire område.

– Vidare skal vi analysere prøver frå Island, Rockall ved Skottland, Grønland, Hardangerfjorden, fleire fjordar i Rogaland, Skagerrak og Bodø. Vi er spente på kva resultata vil vise, seier Kristin Helle.

– Dei genetiske undersøkingane seier imidlertid ikkje noko om kor store bestandane er. Men at vi har å gjere med fleire bestandar er viktig kunnskap for forvaltninga.

Vil ha dugnadshjelp frå hobbyfiskarar

Ho ber også hobbyfiskarar som får mykje blålange om å ta kontakt viss dei vil prøve seg som havforskarar. Då lover Helle å sende utstyr til å ta prøver av blålanga for DNA-testing.

– Vi veit lite om blålange i våre farvatn, så sjølv ein liten innsats vil kunne gi høg utteljing i form av auka kunnskap og betre rådgiving, avsluttar ho.

Rapport

Helle, K., Sanchez, M. Q., & Johansen, T. (2018). RAPPORT FRA HAVFORSKNINGEN