Laks vert sjukare enn sjøaure

  • C:\Users\beateh\Desktop\forsøk\HI-039687.jpg

    Bjørn Olav Kvamme har tatt opp fisk som skal undersøkast for virus.

    Fotograf: Erlend Astad Lorentzen
  • C:\Users\beateh\Desktop\forsøk\HI-039690.jpg

    Fisk som skal undersøkast.

    Fotograf: Erlend Asatd Lorentzen
  • C:\Users\beateh\Desktop\forsøk\HI-039704.jpg

    Kvar fisk blir nøye målt og vegd.

    Fotograf: Erlend Astad Lorentzen
  • C:\Users\beateh\Desktop\forsøk\HI-039708.jpg

    Prøvar klare for analyse.

    Fotograf: Erlend Astad Lorentzen

I forsøk der sjøaure har blitt utsett for to virus som forårsakar mykje sjukdom i oppdrettslaks, viser resultata at sjøauren truleg toler desse virusa betre enn det laks gjer.

– Vi ser at sjøauren truleg er mindre utsett for å bli smitta og sjuk av dei to virusa PRV (Piscine orthoreovirus) og SAV (Salmonid alphavirus) enn laks, fortel Bjørn Olav Kvamme som er leiar for faggruppa som forskar på smittespreiing og sjukdom ved Havforskingsinstituttet.
 
Virusa som er undersøkt kan gje sjukdommane pankreassjuke (PD) og hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (HSMB). Både virusa og sjukdommane er vanlege i oppdrettsfisk. I verste fall fører sjukdomane til at fisken døyr.

Badar fisk i virus

For å undersøkje om det er forskjellar på smitte og sjukdom mellom laks og sjøaure, har fiskane blitt bada i virus, eller dei har gått i same kar som infisert laks.
 
– Resultata frå smitteforsøka våre viser at laksen vart smitta av begge virusa, medan sjøauren berre viste svake teikn til å bli smitta, seier Kvamme.
 
Forskarane undersøkte òg om fisken fekk skader i indre organ. Også desse undersøkingane viste ifølgje Kvamme at laksen vart sjuk, medan auren ikkje viste skader eller teikn på sjukdom.
 
– Til saman viser resultata at auren brukte lengre tid før den vart infisert, den kvitta seg med virus raskare og hadde lågare mengder virus enn laksen. Auren viste heller ikkje teikn på å bli sjuk. Dette betyr at laksen vert sjukare enn auren av desse virusa, noko som gjer at risikoen for smittespreiing frå oppdrett til vill fisk er lågare for aure enn for laks, seier han.
 
Fisk i forsøk
Fisken vert halden i kar på laboratoriumet. Foto: Erlend Astad Lorentzen

 

Kvifor er det forskjell på smitte på laks og aure?

Eit av dei store spørsmåla har vore om virus frå oppdrettslaks faktisk kan smitte sjøaure sidan enkelte virus berre kan infisere ein eller nokre få vertar medan andre virus kan infisere mange.
 
– Til trass for at dei ser nesten heilt like ut, er sjøaure ein annan art enn laks, dermed er det sjanse for at dei ikkje er mottakelege for dei same virusa eller at dei er mottakelege men ikkje blir sjuke, forklarar Kvamme.
 
Ein av skilnadane på dei to artane er at sjøaure oppheld seg i fjordane og langs kysten mykje av livet, altså i dei same områda som oppdrettsanlegga. Dermed er auren meir utsett for å bli smitta av desse virusa enn villaks som berre sym gjennom desse områda på veg enten mot havet eller mot elva.
 
– Tidlegare har vi kartlagt virus i villfisk. Etter denne kartlegginga, var vi spente på kva resultatet ville verte på dette smitteforsøket. Kartlegginga tydde på at  auren  kunne vere meir motstandsdyktig mot desse virusa enn laks. Dette viste seg å stemme, fortel Kvamme.

Blir villfisk sjuk?

Havforskingsinstituttet kartlegg virus i vill laksefisk i elvane og i sjøen. Resultata viser at det er svært lite villfisk som er smitta av SAV (viruset som kan gje PD) når ein samanliknar med kor vanleg viruset er i oppdrettsfisk i nokre område. Til no er det påvist smitte i berre ein einaste villfisk. Ifølgje forskarane er det òg funne mindre villfisk enn forventa som er smitta med PRV (viruset som kan gje HSMB).
 
– Det vert sjeldan gjort funn av sjuk fisk i naturen. Det kan skyldast at den sjuke fisken døyr innan kort tid eller at den blir eten av t.d. andre fiskar eller fugl, då den kan vere svekkja og  dermed lett å ta, seier Kvamme.
 
Men at ein fisk er infisert med eit virus, treng ikkje bety at den er eller vert sjuk.
 
– Både fisken, viruset og miljøet er med på å avgjere om ein infisert fisk vert sjuk. Det same er også tilfelle hos oss menneske. Er vi til dømes stressa, eller svært gamle, vert vi lettare sjuke, og ulike influensavirus gjer ulik grad av sjukdom, forklarar Kvamme.

Har eigen smittelab

– For å bekrefte funna frå villfisk er det viktig å gjere undersøkingar i laboratorium der vi har betre kontroll på det som skjer. Kartlegging i naturen og kontrollerte forsøk utfyller kvarandre, seier Kvamme.
 
For å undersøke om sjøaure og anna fisk toler virus og anna smitte, vert det gjort smitteforsøk. Slike forsøk kan gjerast  i smittelabben til Havforskingsinstituttet, der ein har fleire solide barrierar som sikrar at smitte ikkje kjem ut i miljøet. Det vil no bli gjort fleire smitteforsøk med aure og anna fisk, slik at ein betre kan vite  kva påverknad smittsame sjukdommar hos oppdrettsfisk kan ha på villfisk.
 
– Vi er heilt avhengig av ein god smittelabb for å kunne gjere slike forsøk, seier Kvamme.